Heimekontor, stengt breiddeidrett og maks fem personar: Her er nokre av tiltaka som blir innført i Alver kommune

Bergen kommune og omegnskommunane strammar inn. Foto: Morten Sæle
Bergen kommune og omegnskommunane innfører strenge tiltak mot korona.
Byrådsleiar i Bergen Roger Valhammer presenterte torsdagskveld nokre av tiltaka som blir innført i Bergen for å hindre spreiing av koronasmitte.
Under pressekonferansen fortalde Valhammer at Bergen går saman med fleire grannelagskommunar, blant anna Alver kommune, for å slå ned på smitten.
– Vi er ein felles bu- og arbeidsregion. Mange av innbyggjarane våre pendlar til og brukar kultur- og tenestetilbod i nabokommunar, seier Valhammer.
– Naturleg å gjere det i lag
Alle dei nye tiltaka vil bli lagt inn i ei forskrift, som skal bli vedtatt i kvar kommune. Sjølv om ikkje alle tiltaka er klar før fredag, presenterte Valhammer nokre av dei.
• Ny maksgrense på 5 personar i privat heim – det er unntak for familiar som er fleire
enn fem og barn som er i same kohort i barnehagen eller på barneskulen.
• Påbod om heimekontor for alle som kan ha heimekontor.
• Påbod om digital undervisning for høgskule og universitet.
• Raudt nivå på vidaregåande skular.
• Breiddeidrett for vaksne over 20 år blir stengt.
• På same måte vil vi si nei til (til dømes) korøving og korpsøving for vaksne.
Kommentarer til denne saken