Den 25. september 2022 kom eit musikalsk geni til Oslo. Den verdskjente Bob Dylan har vore på turné i store delar av Europa. Desse arrangementa er store, men han har ein uvanleg twist: Alle konsertane er mobilfrie!

Alle telefonar skal puttast i ei spesiell veske som tilskodarane sjølve ikkje kan opne gjennom konserten. Alle skal vere heilt til stades. Dette kjem av at Bob Dylan for nokre år sidan såg seg lei av all telefonbruken, og mellom anna kom med kommentaren: «We can either play or pose. Okay?» Med dette peiker han altså på det faktumet at tilskodarane får den beste opplevinga av konserten viss dei ikkje samtidig er på telefonen.

Dette kan vi ta med oss i kvardagen. Dei fleste av oss har nemleg ein lei tendens til å ta fram telefonen for å dokumentere alt som er nytt eller viktig. Når bursdagen endeleg er der og lysa er tende. Når vi er på restaurant og maten blir servert. Når han tek handa di i si, og ser deg djupt inn i auga dine.

Kva er det første som skjer?

Smilet blir sett på pause, handa ført mot lomma, og telefonen blir tatt fram. Alt skal filmast. Vi knipsar alt og lagrar det på telefonen eller i «skya». Medan vi er fullt opptatt med å dokumentere det som skjer, går vi glipp av den augneblinken vi gjerne vil hugse. Vi tar bilde og film, men hendinga i seg sjølv har vi ikkje verkeleg opplevd. Det blir som dei turistane som drar til andre sida av kloden, går av båten, startar kameraet, og spring rundt for å filme mest mogleg. Når dei kjem heim, set dei seg ned og ser på filmen for å sjå kva dei har opplevd. Vi synest dette er ekstremt, og veldig unødvendig. Kvifor reiser dei eigentleg på tur viss dei ikkje vil oppleva reisa med eigne auge?

Det vi ikkje ser, er at mange lever på denne måten kvar dag. Vi tenker ikkje over det, men det er mange store og små hendingar vi går glipp av fordi vi er fullt opptatt med å få dei med på telefonen så vi kan hugsa dei. Du feirar atten år berre ein gong, du er på første date ein gong – og eg trur du ønskjer å oppleve det!

Bob Dylan har eit poeng når han seier: «We can either play or pose.» Sjølvsagt skal vi ikkje alltid låse telefonane våre inn i ei veske, men vi kan legge dei i ei lomme og velje å ikkje ta dei opp på ei god stund og berre vere heilt og fullt heime i eigne liv.

Unge stemmer i NH

Dei unge har mykje på hjarta, og me i lokalavisa ønskjer å løfta fram dei unge lokale stemmene.

I samarbeid med Nynorskdagane i Alver har Nordhordland utfordra elevar på Knarvik vidaregåande skule å skriva om det som engasjerer dei.

Framover vil fleire av ytringane til dei unge verta presenterte i avisa. Det kjem mellom anna til å handla om utanforskap, om å ikkje føla seg heime, om språk som identitet og kollektivtilbodet i distriktet.

Tre av innlegga vert premierte.

Me oppmodar andre unge som har noko på hjarta om å skriva til oss: [email protected]

Les også

Å flytte heim til Noreg var eit kultursjokk

Les også

«Vask huset mitt»

Les også

Nei, me har ikkje gått i hi, men har mykje å læra av dei unge