– Eg veit ikkje kva det er med desse. Det må vera noko spesielt med ungdomen i Eivindvik. Eg er overvelda over kor gode dei er, seier Alexzandra Jevi, som jobbar ved skulen.

Trønderen har spelt teater før. Det er fyrste gongen ho er instruktør. Men ho kallar Ingrid Haveland for stjerna, som har samla dei 69 elevane mellom 1–10. klasse i ei førestilling.

– Me får sett elevane på ein heilt annan måte. Eg kan seia når noko er frykteleg og skrik med jamne mellomrom. Men når dei får så mykje skryt og oppmuntring for alt dei gjer bra, tenkjer eg det er ein tryggleik å få vita det når noko ikkje fungerer.

Det seier Ingrid Haveland. Ho er lærar ved Eivindvik skule og barnehage, og instruktør for Putti Plutti Plott og Julenissens skjegg. Ingen arbeidsdagar går så fort som dei i ungdomshuset. Regi har ho hatt mange gongar, mellom anna på revyen i bygda.

– Første gong eg hadde regi var på delar av Sound of music, som sjuåring. Eg styrte og herja på.

I 2003 var det første gong skulen hadde denne førestillinga. 18. november var det slutt på all vanleg undervisning for dei største rollene. Frå då av har det vore fullt fokus på replikkar, song og lynraske sceneskift.

Fastbunde

I Vårtun står to jenter bunde fast til ei søyle.

– Det er kjekt, men litt mykje venting. Me har jo øvd i ein månad no, og kvar dag den siste veka, fortel Dorthea Norman Bøe og Alette Leknes.

I sine første år på barneskulen spelte dei nisseungar. Med alderen får elevane større ansvar i førestillinga, som vert sett opp kvart tredje år. Denne dagen er det ungdomsskulen som øver i ungdomshuset.

– Eg elskar å vera Putti Plutti Plott og nyt å stå på scena. Men det er litt varmt, seier Mia Brosvik, då ho tek av seg nisselua.

9.klassingen var eigentleg sett opp med ei mindre rolle, men vart veldig glad då ho fekk høyra at ho hadde kapra hovudrolla.

– Eg byrja med ein gong å øva masse for å læra alle replikkar. Det er veldig kjekt at heile skulen er med, og at alle får sett deg.

– Viktig me er på scena

Ha trykk på kvart ord du seier. Me må ha lite lys på scena. Kanskje berre ein spott på. Ikkje snakk medan du spring, det får du ikkje lov til, er instruksane frå Haveland.

– Det er veldig kjekt, seier Linnea Underthun.

– Me har store roller, er mykje på scena, men har ikkje mest replikkar. Men det er viktig at me er på scena likevel, meiner Hannah Rutledal.

Å samarbeida med heile skulen trivst dei med, dei kan namnet på alle elevane, men seier at ein vert kjent på ein annan måte.

– Me ser det i alle fag og friminutt, det er før og etter Putti Plutti Plott. Takhøgda vert større. Dette utgjer ein forskjell for enkeltmenneske og heile skulen, meiner Haveland.

Saknar dei sjuke

Dei øver og kryssar fingrane for at det vert fire førestillingar som planlagd neste veke. Men med nye restriksjonar er det plass til færre i publikum.

– Me håpar og trur det vert. Men går det ikkje, så går det ikkje. Eg har snakka med ein proff filmfotograf om å filma det, fortel Haveland.

Sannsynet for at ein er vekke, med korona, RS og alt anna som herjar er stor. På denne øvinga manglar det tre roller.

– Er nokon vekke ringer me og spør kvar er du hen og seier at me saknar deg. Elevane får høyra at kvar oppgåve er viktig og avgjerande for å kunna visa stykket.

Fram til no har både nissefar og nissemor vore vekke. Så går døra opp og Ghazal Alammar kjem inn.

– Eg trudde du var sjuk. Så kjekt å sjå deg. Du var jo så flink i går!

10.klassingen kom til Eivindvik frå Libanon for fire år sidan. Ho brukar all ledig tid på å lesa i manuset.

– Nissemor er ei bra rolle å ha. Eg likar å læra. I byrjinga var det litt vanskeleg, men no kan eg det slik at teksten kjem fort.

Ukjende talent

Når nokon er sjuke, må andre i elden. Kristoffer Flolid er eigentleg scenearbeidar, noko han trivst med, sjølv om det kan vera stressande med raske sceneskift. I dag har han derimot funne seg eit manus og er reserve i rolla som Onkel Per.

– Det var litt skummelt å berre gå opp på scena, men søstera mi var Putti Plutti Plott sist og eg øvde med ho då, så eg kan ein del av songane enno. Eg må jo berre prøva. Eg fekk øvd pittelitt i dag tidleg då eg fekk vita at eg skulle gjera dette, fortel han.

Han er ikkje den einaste som må hoppa inn i ei rolle han eigentleg ikkje har.

Jonas Midttun styrer lyd saman med Amund Bruåsdal Haveland. No må Haveland styra lyden åleine.

– Me er for få folk i dag, så då treng dei at nokon hjelper til. Det er ikkje så gale å vera på scena, men det er litt uvant. Det er greitt å steppa inn for andre og spela deira rolle. For då har eg ei unnskyldning om eg gjer feil, sidan eg aldri har gjort det før, seier Midttun.

– Jonas går på scena, tek eit manus og syng og speler perfekt. Eit supertalent, meiner Haveland.

Jonas smiler lurt, før han svarar:

– Det er litt kleint.

Haveland fortel at dei alltid finn skjulte talent, både hjå dei som gjer det best på prøvar og dei som slit med å sitje i ro.

– Me finn kvalitetar me aldri har sett før. Eg har til gode å finna ein dårleg skodespelar. Det vert alltid betre enn eg har tenkt.