Regjeringa foreslår eit system for tildeling av lisensar på havvind og ber no om innspel frå bransjen. Store område skal lysast ut i første kvartal neste år.
Planen til regjeringa er å lysa ut første fase av Sørlige Nordsjø II og Utsira Nord ved utgangen av første kvartal 2023 og tildela areal seinare same år. Det kallar olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) «eit stort og viktig skritt vidare».
– No presenterer me rammene for tildeling i Utsira Nord og dei første områda i Sørlige Nordsjø II. Samarbeid er ein nøkkel for å lukkast, og eg håpar me får mange innspel i høyringa som no vert sendt ut. Dette vil setja standarden for havvind i Noreg, sa Aasland (Ap) då han presenterte forslaget tysdag.
– Me ber no om innspel til mellom anna prekvalifisering, auksjonsmodell og støtteordning, sa han. Industrien har éin månad på seg til å komma med synspunkt og innspel.
Store investeringar
Regjeringa skal tildela havareal som skal gje moglegheit for ein kraftproduksjon på 30.000 megawatt innan 2040. Det er like mykje som den samla kraftproduksjonen i Noreg i dag, og kjem til å krevja store investeringar frå leverandørindustrien. Ifølge SINTEF utløyser ei utbygging i denne storleiken eit investeringsbehov for 1000 milliardar kroner.
– Tek me den europeiske marknaden med oss, så snakkar me om kanskje ti gongar så mykje, altså 10.000 milliardar kroner, sa Aasland.
Dei første vindturbinane kan starta kraftproduksjon i 2030, men Aasland håpar det kan skje endå tidlegare, mellom anna ved at ein reduserer behandlingstida for konsesjonssøknadar.
Næringa: Merkedag
Myndigheitene må trå til med stønad, men beløpet er avhengig av kva for eit prisnivå straumen kjem til å ha i åra framover. Beløpet på stønad skal haldast så lågt som mogeleg, held statsråden fram. Han avviser å kommentera tal no, og seier han kjem attende til det i ein eigen proposisjon til Stortinget.
Bransjeorganisasjonen Offshore Norge meiner nyheita markerer ein merkedag i satsinga på havvindnæringa. Dei er oppteken av at regjeringa held seg til tidsplanen sin.
– Fleire land ser dei same moglegheitene for å utvikla ei havvindnæring og ein leverandørindustri. Det er difor avgjerande at regjeringa held oppe tempoet, seier administrerande direktør Hildegunn T. Blindheim.