Er med på så mange arrangement andre plassar at dei ikkje har tid eller råd til å drifta Havsportveka lenger.

Det kjem fram i ei pressemelding, torsdag.

– Fokus frå Havsportlauget – den opphavlege arrangøren av Havsportveka – har endra seg dramatisk, i dag vert det samarbeida det om arrangement langt ut over Nordhordlands grenser. Både Ekstremsportveko på Voss, fast samarbeid med ADO Arena om kurs og events, windsurf festivalen «Atlantic Winds Challenge» på Glesvær i Sund, samt fleire barne – og ungdomscampar gjennom sommarsesongen gjør at det ikkje lenger er kapasitet til å ta hand om eit økonomisk og ressurskrevjande arrangement som Havsportveka i Austrheim, skriv leiar for Havsportveka Odd Arne Blindheim i pressemeldinga.

 

Det kjem og fram i pressemeldinga at manglande offentleg støtte er ein stor medverkande årsak til at dei no pakkar saman.

– Frå starten og fram til 2012 hadde arrangementet betydeleg offentleg støtte, denne har de seinare årene blitt borte og dermed er også ein høgare økonomisk risiko ein avgjerande faktor for at arrangementet nå vert lagt ned ned, skriv han.

 

På det meste har det vore med over 10.000 gjester på øvingar og tilknytt arrangement. Det er gjennomført over 1000 ulike aktivitetar og meir enn 2500 barn og unge har deltatt på kurs og aktivitetar.

Og sjølv om Havsportveka er vekke, vil fleire av aktivitetane leva vidare.

De populære barne og ungdoms campane kjem til å fortsette, også i Austrheim, denne sommaren i perioden 10–12 august. Det vil også bli vidareutvikla andre stader i fylket.