Forsvarte tittelen i «Ta sjansen»

GJEKK UNDER: Då «Nessie» traff vassflata gjekk det rett ned for Marianne Undertun, men ho kom seg opp og svømte inn til siger for tittelforsvararane frå 2014.

GJEKK UNDER: Då «Nessie» traff vassflata gjekk det rett ned for Marianne Undertun, men ho kom seg opp og svømte inn til siger for tittelforsvararane frå 2014. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Det vart litt dramatikk i starten for mannskapet på «Nessie».

DEL

– Då vi traff vatnet gjekk vi rundt, og eg kom under båten, fortel Marianne Undertun saman med makker Marianne Berge Kvamsdal.

STOR BILDESERIE FRÅ ARRANGEMENTET FINN DU HER: 

Dei regjerande meistrane frå 2014 hadde ambisjonar om å forsvara tittelen, men litt krøll i det farkosten traff vassflata kunne fort sett ein stoppar for tittelforsvararane.

Rask svømmetur

Det tok ein stund før ho skjønte at det var si eiga farkost ho dunka oppi, men kom seg til overflata og la på svøm mot bjella. Den raske svømminga gjorde at dei tok sigeren i «Ta sjansen 2015» med 19 sekund, berre eitt sekund framfor nummer to, «Tits-maskinen».

– Eg måtte symje eit godt stykke, og det holdt til siger. Men det vart litt for close, seier Undertun, og legg til at tida vart fire sekund dårlegare enn i fjor.

Fem fantasifulle farkostar stilte til start i årets utgåve av «Ta sjansen» under Havsportveka. I tillegg til beste tid var det også mogleg å henta heider og ære i klassane «Best in show» og «Fiaskoprisen».

Einstemmig

Sjølv om namnet kanskje ikkje la opp til at alt kom til å gå på skinner, gjorde «Kaptein dritt» reint bord i begge klassane med ein einstemmig juryavgjerd.

Farkosten var innreda som eit komplett baderom, med kvart sitt toalett som sitteplass til kapteinane Henrik Wiik Berg og Brian Røsdal. Vask, tapet og belysning var på plass, i tillegg til effektar som røykbombar og fyrverkeri.

Heile farkosten var så tung at det kravde betydeleg muskelinnsats for å få det heile på plass på startrampa.

LES OGSÅ: Rekordpåmelding til camp

Med ein så tung farkost kunne det fort gått rett i dass, men med 20 sekund til bjella vart det tredjeplass på tid, i tillegg til dei andre gjeve titlane.

– Det gjekk veldig bra, akkurat som vi hadde planlagd, seier kapteinane etter premieutdelinga.

– Eg trur vi overgjekk oss sjølv denne gongen, seier dei to.

Resultatliste Ta sjansen 2015

1. Nessie 18 sek

Marianne Berge Kvamsdal og Marianne Undertun

2. Tits-maskinen 19 sek

Jørgen Elvøy og Stian Stokkenes

3. Kaptein dritt 20 sek

Henrik Wiik Berg og Brian Røsdal

4. Trønderlynet 25 sek

Stein-Ola Lund

5. Titanic in 5 seconds 33 sek

Simon Malkenes og Stein-Ola Lund

 
Best in show og fiaskoprisen gjekk einstemmig til Kaptein dritt.

Artikkeltags