Denne bilen har det tatt 4055 timar å restaurera – Nyleg tok den turen frå Lindås til Sunnmøre for å visa seg fram

Nyrestaurert: Denne Chevrolet-en er nyleg restaurert på Fammestad, her i kortesje utanfor Ulstein Rådhus.

Nyrestaurert: Denne Chevrolet-en er nyleg restaurert på Fammestad, her i kortesje utanfor Ulstein Rådhus.

Av

Rutebilhistorisk forening (RHF) markerte seg både med køyretøya og i kåringane under landstreffet i Ulsteinvik.

DEL

Rutebilhistorisk forening – RHF – hadde i år sitt årlege landstreff i Ulsteinvik 19.-21. mai. I år stilte vi med fem rutebilar, inkludert siste tilvekst – Chevrolet’en frå 1929 – rutebilen frå Indre Nordhordland Dampbåtlag som har vore under restaurering på Fammestad.

Riktignok vart den frakta til og frå på ein hengar – men deltok for eigen motor i kortesjen. Sjølvsagt utan feilslag! Når taket og seta er trekte og siste finish er ferdig – er nok bilen ein god kandidat til premie på RHF-treffet neste år.

Ventar på ferja: Her står kortesjen på Oppedal og ventar på ferja over Sognefjorden.

Ventar på ferja: Her står kortesjen på Oppedal og ventar på ferja over Sognefjorden.

Om lag 20 medlemer utanom sjåførane var med på turen i år. Nokre med ektefeller. Andre køyrde med eigne bubilar.

Viste fram historia

Søndag var det altså kortesje – der deltakande rutebilar frå heile landet kjørde den 20 kilometer lange turen frå Ulstein til Hareid og tilbake. Vi var nok lagt merke til, og den blå snutebilen R-1111 var fullsett.

Som vanleg viste vi også fram vår historie i form av bilder og gjenstandar. Nytt i år er at vi hadde sal av boka som klubben står bak – historia om BNT. Boka vart levert frå trykkeriet 15. mai – og det vil verte høve til å få kjøpt den på diverse lokale arrangement framover. I tillegg har vi trykt opp ei bok om INDL som var skriven i 1971. Slik at vi kan presentere samferdsle-historia i Nordhordland fram til skipinga av BNR i 1974 - som vi har planar om å gje ut bok om til neste år.

Viste seg fram: Bussentusiastane i Rutebilhistorisk forening viste seg fram under landstreffet i Ulsteinvik. Premie for beste bil frå 1970-74 vart det også.alle foto: privat

Viste seg fram: Bussentusiastane i Rutebilhistorisk forening viste seg fram under landstreffet i Ulsteinvik. Premie for beste bil frå 1970-74 vart det også.alle foto: privat

Det var eit flott arrangement i Ulsteinvik, med utflukt til Kleven Verft, der den nye Hurtigruta «Roald Amundsen» er under bygging. Og til Runde, der den berømte Rundeskatten vart vist fram på museet der.

Premiert for beste bil

Vi reiste heller ikkje denne gongen tomhendt heim igjen. Den kvite turbussen vår frå 1972 vart premiert for beste bil frå 1970-74. I denne klassen hadde den konkurranse frå fleire andre. Det er alltid like kjekt å sjå at alt dugnadsarbeidet som er gjort, gjev resultat.

Tenk på alle dugnadstimane som medlemer har brukt på vedlikehald og nødvendige reparasjonar for at bussane skal vere godkjende og sikre. Og ikkje minst alle dugnadstimane klubben sine sjåførar har bak rattet for å kjøre inn midlar til å drive klubben.

Det er summen av alt dette arbeidet som gjer at vi stolte, og på vår måte kan presentere historia vår i bokform.

Artikkeltags