– Det handlar om sikkerheit i samband med mellom anna sprenging. Vi ber om at turgåarar tar omsyn til anleggsarbeidet og held seg til dei løypene som ikkje er stengde, seier Odd Martin Kartveit Sundsbø i Vestland fylkeskommune.

Han er byggeleiar for Fv. 565 Marås-Soltveit på Radøy, som er ein del av det fylkeskommunale samferdselsprosjektet Nordhordlandspakken.

Denne veka har både Alver kommune og Vestland fylkeskommune gått ut med informasjon om at fleire turstiar som kryssar eller ligg tett opp mot anleggsområdet no blir stengt for publikum.

Arbeidet med skogrydding langs den nye traséen tok til i vår og det første sprengingsarbeidet til anleggsvegen i juni. Så langt er prosjektet, som etter planen skal stå ferdig i april 2024 i rute.

– Vi er i full gang med sprenginga og har bygd ein god del anleggsveg. No har vi og starta arbeidet med kryssløysing og tilrettelegging av bru ved Haukåsen, seier Odd Martin Kartveit Sundsbø i Vestland fylkeskommune.

Totalt er det 19 ulike prosjekt i Nordhordlandspakken, fordelt mellom kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Modalen og Masfjorden. Samla har dei ein kostnad på om lag 1,5 milliardar kroner.

Å bygge ein ny, tofeltsveg på om lag 7,5 kilometer mellom Marås og Soltveit på Radøy er det største enkeltprosjektet i pakken. Entreprenøren Vassbakk og Stol sikra seg retten til å bygge vegen med eit anbod på i underkant av 264 millionar kroner.

– Framover får vi inn ein del store maskiner og auke aktiviteten vår i dei fem startpunkta vi har peikt oss ut på traséen. Då er det sprenging og flytting av massar som er hovudfokus, seier Kartveit Sundsbø.