Petroleumstilsynet kunngjorde fredag at dei vil gå i gang med ei eiga gransking, noko dei tidlegare har opna for.
Hovudmålet med granskinga er å finne ut av årsaka til hendinga og kva ein kan ta lærdom av. Dei vil og sjå på eventuelle avvik og forbetringspunkt.
Pressekontakt i Petroleumstilsynet, Øyvind Midttun, seier til BT at dei vil starte tilsynet på måndag.

Equinor vil granske arbeidsulykka: – Alvorleg
Fall ned frå minst 20 meter
Onsdag denne veka rykte naudetatane ut til ei alvorleg arbeidsulykke på Mongstad. På Equinor sine raffineriområder hadde ein mann falle frå minst 20 meter og landa på eit betongdekke.
Mannen vart frakta til Haukeland universitetssjukehus. Då skal han ha vore bevisst.
Ellen Maria Skjelsbæk, pressetalsperson for landanlegg i Equinor, bekrefta til NH at mannen er tilsett i selskapet Beerenberg, eit av leverandørselskapa til Equinor Mongstad.
Politiet har oppretta sak og både Equinor og Beerenberg har starta sin eigne granskingar.
Foreløpig kan korkje politiet, Equinor, Beerenberg eller Petroleumstilsynet seie noko om årsaka til hendinga.

Dei tilsette samla seg i Mongstadhallen
Tilsyn tidligare
Petroleumstilsynet har tidligare funne avvik då dei var på tilsyn på Mongstad både i 2018 og i 2022.
I ein rapport frå 2018, kor det også blei gitt pålegg, kom det fram at det var manglande forebyggjande tiltak etter fare og ulykkessituasjoner i samband med kran- og løfte-operasjonar. I tillegg til dette fann dei ulike manglar ved stillas.
Det blei også gjort tilsyn i 2022, kor målet mellom anna var å følge opp hendingar frå dei sista åra knytta til «materialhåndtering, kran og løft, samt arbeid i høgden og arbeidsmiljø». Dei fann då ingen avvik på stillasa — og poengterte at ”.«Equinor Mongstad har hatt fokus på teknisk oppfølging av stillaser på anlegget».
Avvika som gjeld planlegging og gjennomføring av stillasaktivitetar trekkjer fram at Equinor ikkje hadde sikra at viktige bidragytare til risiko blei halde under kontroll. Under befaringa kunne ikkje Petroleumstilsynet sjå at risikovurdringsskjema var lege med arbeidstillatelsen i felt, noko som skal vere med på stillasarbeid der fallsikring er nødvendig.

Mannen fall over 20 meter – Petroleumstilsynet er kopla inn: – Vurderer eiga gransking
– Heldigvis uvanleg
Midttun seier til NH at det er for tidlig å trekkje linjer mellom tilsynsrapportane og ulykka på onsdag, men ligg til at:
– Uansett på kva slags måte vi følger opp denne hendinga vidare, vil det vere naturlig for oss å sjå på tidligare erfaringar og funn på Mongstad og sjå om det er noko relevans.
Han fortel vidare:
– Det er jo heldigvis uvanleg at denne typen alvorlige hendingar skjer, men som ei generell betrakting ser vi at det er utfordringar på området som går på kran og løft, stillas, arbeid i høgda og fallande gjenstandar.