Gå til sidens hovedinnhold

Har delt ut 200.000: Desse ni får støtte

– Det har ikkje vore enkelt å velje kven som skal få midlar, seier konstituert redaktør i Avisa Nordhordland, Sirill Soltveit Heimdal.

Avisa Nordhordland deler i samarbeid med eigarkonsernet Amedia og Sparebankstiftelsen DNB ut 200.000 kroner til positive tiltak i avisa sitt dekningsområde. Prosjekta skal vere retta mot born, ungdom og unge vaksne under 25 år.

I år kom det inn 18 søknader. Totalt blei det søkt om tilskot til prosjekt for 551.745 kroner.

Det blei etablert ein jury for å vurdere søknadane. Juryen bestod av følgande medlemmene:

  • Sirill Soltveit Heimdal, konstituert redaktør i Avisa Nordhordland.
  • Vegard Flatøy, journalist i Avisa Nordhordland.
  • Ling Michelle Aadahl, utvalsleiar for Ungdomsrådet i Alver kommune.

  • Bjørn Olav Benjaminsen, tidlegare vinnar av Lindås kommune sin kulturpris og mangeårig medlem i Lindås ungdomslag.

Frå instrument til kanoar og idrettsapparat

Av dei 18 søknadane, har juryen bestemt seg for å gje støtte til ni av dei.

– Det har vore vanskeleg å vurdere søknadane då alle har vore gode prosjekt. Likevel meiner vi at vi saman har komen fram til gode prosjekt som kan bidra til auka aktivitet blant den aktuelle aldersgruppa, seier Heimdal.

Errors Party får mest støtte. Dei beskriv seg sjølv som ein frivillig organisasjon som ønsker å auke datakunnskapen blei dei unge. Dei er eit av landet sitt eldste aktive datatreff som blir arrangert kvar påske og romjul på Frekhaug.

I søknaden bad dei om 40.000 kroner til innkjøp av bord som dei kan bruke. Dei har fått innvilga 34.285 kroner.

– Dataspel er viktig for mange unge, og det er ofte her den yngre generasjonen møtast og er sosial. Avisa er glad for at vi kan legge til rette og støtte dette prosjektet, seier Heimdal.

Her er alle som har fått støtte:

Errors Party 34.285 kroner
Haugsvær Helselag 25.700 kroner
Grønfjellia Velforening 24.285 kroner
Heiane Vel

24.285 kroner

Seim Skytterlag 20.000 kroner
Eivindvik Idrettslag 20.000 kroner
Skodvin Skulemusikk 20.000 kroner
Meland Skytterlag 13.320 kroner
Stølshaugane Velforening 18.125 kroner

Ein samd jury

I fjor då avisa skulle dele ut 150.000 kroner, kom det inn 37 søknader. Av dei fekk 17 prosjekt støtte, der alle fekk litt i staden for at nokon fekk mykje.

– I år var juryen samd i å gje meir midlar til dei som får. Dette meiner vi er viktig då det vil vere større sannsyn for at prosjekta blir gjennomført, og at det vil bidra til endå meir aktivitet, seier juryen.

Heimdal er stolt over vurderingane juryen har gjort, og vore einig i.

– No håpar vi at midlane vil komme godt til rette, og at avisa også får dele ut midlar neste år.

Les også

Avisa Nordhordland deler ut 150.000 kroner - desse 17 prosjekta får støtte

Kommentarer til denne saken