Gå til sidens hovedinnhold

– Har betydd mykje for strilekulturen

Artikkelen er over 6 år gammel

5. desember døydde Vestlandet sin store visediktar, Josef G. Larssen.

Gjennom fleire tiår samarbeidde Josef G. Larssen med Ivar Medaas, og han var fast vise- leverandør på dei fleste av platene til Ivar og Kari.

Tekstane ”Ver du glad i den nasen du har” og ”Kjære Bruvik ” er signert Josef G. Larssen. Også Salhuskvintetten fekk eit utal tekstar frå Josef, mellom andre hit-en «Det skal bli andre boller når papen kjem hjem».

«Med kjærleik og humør, men også med stort alvor, fortalte du om strilens strev, og om bygdelivets ulike sider. Eit møte på dampskipskaien, ein replikk, eit uttrykk, eit fjes, ein fantasi var godt nok som utgangspunkt og inspirasjon til ein tekst frå di hand,» skriv Dar kjem dampen på facebook.

Blant historiane som har blitt til ikkje berre ei, men to viser, er historien til Berta Sletto frå Hodnelid i Lindås.

To kvinner - to viser

Josef G. Larssen vart så fascinert då han fekk høyra om kvinna som budde i ein utkant sin kamp for å få straum, at han bestemte seg for å besøka henne.
 

Med på turen var Monrad Holm Johnsen som han samarbeidde tett med, og som har sett melodi til mange av visene hans. Og tidlegare Nh-journalist var med for å visa karane vegen til den avsidesliggjande garden.
 

Besøket ho Berta Sletta resulterte både i «Berta si vise», og bidro til at ho etterkvart også fekk straum.
 

Undervegs fekk han høyra historia om Rigmor sin mann som var alvorleg sjuk, og om korleis den eine dotra prøvde å trøysta mora. Det vart til visa «Doggdråpedag i desember», som Stanley Jacobsen har på sitt repertoar - i lag med mange andre av den populære visediktaren sine verk.
 

Denne visa framførte han då det forrige fredag var det minnestund for Josef G. Larssen (96) i Ås kulturhus, med fleire frå denne regionen tilstades.

Vestlandets Prøysen

- Josef vart kalla Vestlandets Alf Prøysen - ikkje utan grunn, veldig mange av tekstane hans er om og frå Vestlandet. Og vestlendingane har vist å setja pris på han; dei har fleire gonger invitert han til festkonsertar og tilstellingar for å heidra han og tekstane hans. Dette sette han stor pris på og fekk masse energi av, også dei seinaste åra, sa Grethe Ellefsen frå Human-Etisk Forbund mellom anna i minnetalen.

Kommentarer til denne saken