Gå til sidens hovedinnhold

Hans Nielsen Hauge – ein forretningsmann som sat spor

Hans Nielsen Hauge var ein forretningsmann som gjennom si kristne tru trudde på eit bærekraftig næringsliv i eit solidarisk samfunn.

Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

3. april i år var det 250 år sidan Hans Nielsen Hauge blei født på Rolvsøy i Fredrikstad kommune. Det er i dag tydelege spor i Norge etter Hans Nielsen Hauge sitt virke.

Vi finn også desse spora i våre lokalsamfunn i Nordhordland gjennom Hauge Business Network. Styreleiar i dette nettverket av forretningsfolk og gründere er Cato Lyngøy, mest kjent som grunder og som utvikler av «Egget» gjennom Hauge Aqua. Ein annan viktig person i Hauge nettverket er Arne Sylta som gjennom fleire år med Hauge Micro Finance AS har hjulpe mange mennesker i utviklingsland ut av fattigdom. Eit formidabelt arbeid altså! Vi kan trygt seie at Hans Nielsen Hauge har satt spor her!

Tilbake til denne næringslivsmannen. Kva stod han for?

Hauge meinte at samfunnet skulle vere eit fellesskap av likestilte og likeverdige mennesker. I sine skrifter har Hauge vore opptatt av at samspelet mellom dei forskjellige yrkene og at dei skulle tene heilskapen i samfunnet. Ingen skulle måtte trenge å tigge, lide naud eller vere utan arbeid, men alle skulle ha nok å gjere. Arbeid i kvardag og fest var viktig.

Hauge sin samfunnsvisjon var solidarisk, samstundes som han vektla individet. Han står som eit lysande døme i norsk historie på dei moglegheitene for positiv samfunnsforvandling som ligg i dei kristne grunnverdiane når dei vert etterlevd i praksis. Det er faktisk mogleg å meine at Hauge i praksis var ein foregangsmann for velferdssamfunnet vi har i dag.

Vidare var det viktig for Hauge at vanlege folk skulle kunne lese oppbyggeleg litteratur på eigenhand. Han utfordra embetsstanden sin kunnskapsmonopol, gjennom å skrive ei rekkje bøker og trykke desse i stort opplag på eigne trykkerier.

Sidan lese- og skriveferdighetene var dårlege mange stader, dreiv haugianerne med omfattande lese- og skrivetrening. Han løfta også fram viktigheten av god allmennkunnskap i befolkningen.

Denne næringslivsmannen var altså opptatt av å ta samfunnsansvar. Han var ein samfunnsbyggjar av dimensjonar. Hauge gjorde seg til talsperson for arbeidarane sine rettigheter: Arbeidsgjevar hadde plikt til å gje arbeidarane rettferdig løn i rett tid.

Ofte så Hauge nye moglegheiter til næringsverksemd på dei stader han besøkte. Motivasjonen var å finansiere bevegelsen og skape nye arbeidsplassar. Han leia sjølv etableringen av meir enn 30 bedrifter, blant anna spinnerier, gruveselskap, trykkerier, bokbinderier, rederier, salt-kokeri og handel. Hauge hjalp også til med finansiering, eller rekruttering av leiarar til etableringa av ei rekkje andre bedrifter.

Vi treng eit næringsliv som tek eit forvalteransvar og byggjer samfunnet slik Hauge gjorde: eit næringsliv som ikkje har økonomisk profitt som einaste mål, men som også utøver samfunnsansvar, som tar ansvar for si næringskjede og viser forståing for at vi alle må ta eit personleg ansvar i dette livet. Eit slikt næringsliv med sine mange bedrifter finn vi i Nordhordland, noko vi kan vere svært stolte av. Det er berre til å heie fram alle våre flotte bedrifter med ulik størrelse!

Vi har mykje å lære av Hans Nielsen Hauge, så la oss bruke jubileumsåret 2021 til å bli enda betre kjend med denne næringslivsmannen som var ein viktig samfunnsbyggjar i si tid!

Kommentarer til denne saken