Handball for dei minste: Iver og speleglede

MÅL: Vanja Sørensen Lauvås frå Lindås IL sender ballen i nota med dette skotet. Kampen mot NHIL enda uavgjort 5–5. ALLE FOTO: Morten Sæle

MÅL: Vanja Sørensen Lauvås frå Lindås IL sender ballen i nota med dette skotet. Kampen mot NHIL enda uavgjort 5–5. ALLE FOTO: Morten Sæle

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

MELAND: Søndag var det siste runde med handvallkampar for J10 denne sesongen, med stor innsats og mykje flott spel i Meland Aktiv.

DEL

Heile åtte kampar vart avvikla denne søndagen. Nordre Holsnøy IL (NHIL) stod for arrangementet og hadde heimebane. Frå Nordhordland stilte Knarvik IL med to lag og Lindås IL med eitt, og dermed var det duka for mange spennande lokaloppgjer på parketten. I tillegg var Bjørnar og Osterøy IL representerte.

LES OGSÅ: – Ho får gull av oss!

Alle dei lokale laga melder om god rekruttering i dei yngre klassane.

– Vi har to lag og er godt over 20 spelarar, så det er veldig bra rekruttering, seier Lindåstrenar Atle Gelin Lauvås.

– Vi har ein god gjeng som har vore med sidan dei byrja i 1. klasse, og vi har hatt god framgang i år. Spelegleda og det å gi eit godt tilbod til alle er det viktigaste, seier han.

NHIL sitt J10-lag vart starta opp for rundt to år sidan.

– Det går stadig framover, seier trenar Henriette Maurbakk.

LES OGSÅ: Sjølve definisjonen på breidde-handball

– Vi har jo ikkje halde på så lenge, og vi har ei god utvikling hos jentene. Spesielt på kampar er dei veldig på, då vaknar vinnarinstinktet i dei, seier ho med eit smil.

Hilde Eggen trenar Knarvik IL sine jenter.

– Vi har hatt god framgang i år, spesielt etter jul. Vi har eit godt lag som jobbar godt saman, seier ho. Laget teller rundt 16 jenter.

– Det er utruleg gøy å få lov til å trena jentene, seier ho.

 

Resultat søndagens kampar:

 

Osterøy – Lindås 2

5 – 13

Nordre Holsnøy 2 – Bjørnar

4 – 8

Lindås 2 – Nordre Holsnøy

5 – 5

Knarvik 2 – Osterøy

18 – 6

Knarvik 3 – Nordre Holsnøy 2

4 – 9

Bjørnar – Osterøy 2

12 – 11

Nordre Holsnøy – Knarvik 2

5 – 1

Osterøy 2 – Knarvik 3

23 – 13

Artikkeltags