(Firda) Det målet skreiv også Senterpartiet under på, då Sp, MDG, Venstre, SV, KrF og Ap signerte avtalen om den politisk plattforma som sikra Sp og Askeland vervet som første fylkesordførar for det samanslegne Hordaland og Sogn og Fjordane.

Sigurd Reksnes, som er leiar i både Sogn og Fjordane Sp og Vestland Sp, var forhandlingsleiar for Sp då den politiske plattforma vart forhandla fram.

Prosjekt Vestland

– Det er heilt avgjerande for prosjekt Vestland at vi har ein samlande, pragmatisk og raus fylkesordførar som kjenner heile fylket, og som vil jobbe for by og land, sa Reksnes til Sunnmørsposten, etter at denne avtalen var signert og Sp hadde fått fylkesordføraren.

Tre veker etter denne utsegna, og knapt fjorten dagar før starten på Vestlandsfylket høgtideleg skal markerast i Håkonshallen i Bergen, er Reksnes i gryande skilsmissestemning, snakkar om ei regionreform som ikkje held det den lova, og trur på omkamp om Vestland.

Rekordsterkt Senterparti trur på omkamp om Vestland

– No raknar jo heile regionreforma, og det forandrar alt for vår del, sa Reksnes til NRK Sogn og Fjordane fredag.

Men Jon Askeland, den påtroppande fylkesordføraren, gir ikkje inntrykk av å ville jobbe for oppheving av samanslåinga.

Omkamp ikkje tema

– Plattforma vi forhandla fram seier at vi skal bygge, leie og utvikle Vestland, og dette vil eg jobbe hundre prosent for, seier Askeland til Firda.

– Og denne avtalen har Sp signert.

– Vi har signert plattforma om å bygge Vestland. Spørsmålet om omkamp var ikkje tema under forhandlingane etter valet, og som munna ut i avtalen, seier han.

Askeland er likevel ikkje overraska over at diskusjonen kjem. Han meiner den er eit sunnheitsteikn i demokratiet, og seier det kan bli ein ny situasjon, om Viken-regionen og Troms/Finnmark skulle bli oppløyst.

– Det er på sin plass å stille spørsmål til Regjeringa Solberg, for det nye fylket kjem dårlegare ut enn til dømes Rogaland, som held fram som før. Vestland startar med eit handikap, seier den påtroppande fylkesordføraren.

Reksnes: – Debatten kjem

Sigurd Reksnes avviser at standpunkta hans skurrar og spriker.

– Denne debatten vil tvinge seg fram. Når både Viken og Troms/Finnmark signaliserer oppløysing, og vi ikkje er i nærleiken av å få overført dei oppgåvene vi var stilt i utsikt, er føresetnadene borte. Regjeringa har ikkje følgt opp regionreforma økonomisk. Tvert om har ho straffa fylka som har slege seg i lag, seier Reksnes.

Helle (Ap): – Destruktivt

Hos Ap, det nest største av partia som var med på å signere plattforma som gav Sp fylkesordføraren, ristar Arve Helle frå Sogn og Fjordane på hovudet:

– Det er underleg at Sp ikkje målbar ønsket om å reversere samanslåinga då vi forhandla, dersom det er dette partiet vil. Det Reksnes no kjem med, er berre destruktivt. Vestlandsfylket vil ha nok av utfordringar, om ikkje vi skal ha gåande ein parallell prosess med å rive samanslåinga ned, seier Helle.

Han ber Sp sjå framover:

– Samfunnsutfordringane går ikkje over, fordi om ein går tilbake til det gamle Sogn og Fjordane. Samlinga av makt i Osloregionen sluttar ikkje, om ein reverserer Vestland. Alle økonomiske utfordringar blir ikkje løyste, om vi går tilbake til det som var. Bruk energien på å bygge Vestland, og legg dette til side. Det er ei gjengs haldning i Ap-gruppa, seier Arve Helle.