Tre kvinner og tre menn er drepne på Vestlandet sidan 1. januar i år, skriv Bergens Tidende. Hittil har politiet hatt elleve drapssaker nasjonalt.
– Vi har hatt år der det ikkje har skjedd eit einaste drap, og no har det skjedd seks. Det er veldig spesielt. Det er skjebnar som ligg bak dette, seier leiar for påtaleeininga i Vest politidistrikt, Gunnar Fløystad.
Halvor (22) må i fengsel etter dødsulykke: – Eg er klar til å sette punktum no
Fløystad legg til at det er umogleg å unngå at drapssakene går utover andre alvorlege saker. Førre veke vart ein 40-åring varetektsfengsla etter at politiet sikta han for å ha drepe foreldra sine på Sotra.
– Dei som held på med drapssakene, er etterforskarar og juristar som jobbar med prioriterte saker. Det betyr at andre saker blir liggjande og vente. Det er viktig at folk er klar over at når vi må legge vekk mindre alvorlege saker, og andre alvorlege saker tar lengre tid, så har dette ein samanheng, seier Fløystad.

– «Alle» hadde høyrt at han låg død heime, men ingen tenkte på å varsle