Vegard Ertvåg frå Seim har hatt stor suksess med sin Hackit. Det heile starta ein laurdagskveld i 2004, med ein heilt vanleg laurdagspizza.

Frå ide til produkt

– Det tok mange år før eg tok ideen vidare, seier han. Først i 2010 begynte vidareutviklinga, og då fekk han etter kvart hjelp frå fagfolk til å designa det som skulle verta å finna i dei fleste kjøkkenskuffer.
 

– Det er ein lokal designer frå Seim som står for det endelege resultatet, fortel Ertvåg. Hackit er fin å sjå på og praktisk i bruk. Ein suksess.
 

Ertvåg var henta inn for å snakka på Region Nordhordland sitt arrangement; På skattejakt i Nordhordland, i Sansetunet i Meland torsdag. Her fortalde han om vegen dit han er i dag.
 

Lang veg

Sjølv om det kan verka som ei rein gledes historie, har det vore ein lang veg frå kjøkkenet til mor i 2004 til i dag.
 

– Eg sleit ein del med å kombinera min jobb offshore med budsjett og kontroll på alt det som skjedde heime. På ein måte vart dette ein kveldsaktivitet, fortel han.
 

– Eit godt tips er å få inn eit rekneskapsfirma ganske tidleg.
 

Ertvåg fann ut at det var vanskeleg å kombinera ei fulltidsstilling med ei gründer- bedrift, og etter 23 år i shipping forlet han bransjen og konsentrerer seg no 100 % om Hackit.
 

I fleire land

Hackit er no å finna i fleire forskjellige land, men Ertvåg trur endå at det er mogleg å selja fleire i Norge.
 

– Hackit er kraftig laga, så det er ikkje noko ein treng skifta ut. Likevel trur vi det framleis er marked for Hackit her heime. No må vi prøva å overbevisa dei som vurderer kjøpa sine, om at dette er eit produkt verdt å betala for, seier han.
 

Hackit Norway AS har teke på seg å distribuera Washit, eit produkt utvikla i Nederland.
 

– Den vert brukt til å vaska oppvaskkluten i oppvaskmaskina, seier han. Men om nokre veker vert det lansert ein ny dings, eit hemmeleg søsken til Hackit. Så følg med.