Gå til sidens hovedinnhold

Gut (17) velta med traktor

Ein ungdom velta med traktor i utmarka i Alver fredag kveld.

Fredag i 1830-tida fekk naudetatane melding om ein traktor som velta på Feste i Alver kommune.

– Ein gut (17) velta med traktoren og fekk delar av denne over seg, melder politiet på Twitter.

Traktoren, som var open, skal ha komme utfor kanten på ein veg, så den velta og landa fem-seks meter på nedsida, opplyser operasjonsleiar Frode Kolltveit.

Føraren kom seg vekk frå traktoren og meldte sjølv frå om ulykka som skjedde i utmarka i enden av ein veg.

– Han hadde smerter i ryggen og kutt i hovudet. Luftambulansen frakta han til Haukeland, seier Kolltveit.

Hendinga skjedde i utmarka i enden av ein veg, ikkje så langt frå heimen til 17-åringen. Det er ikkje mistanke om rus.

Kommentarer til denne saken