– Det har ikkje gått heilt opp for meg enno, men eg fekk ei rar kjensle etter helga.

Det seier Gunnar Låstad. Dei fleste kjenner han som «Ruball» i musikkgruppa Vinskvetten, og ikkje minst som den blide og energiske postmannen frå Salhus.

Denne veka gjekk Låstad av med pensjon etter nesten 47 år i postbransjen.

65-åringen seier at det følast rett, men samtidig ekkelt, å ikkje lenger skulle møte opp hos Posten i Knarvik kvar morgon.

– Ei vanvettig utvikling

Som følge av Posten si omstrukturering 1. juli, gjekk fem av dei tilsette hos Posten i Nordhordland av med pensjon denne veka. Tre av dei frå avdelinga i Knarvik, og to frå avdelinga i Mastrevik.

Låstad ser tilbake på mange år med det han kallar ei vanvettig utvikling av bransjen.

– Omlegginga av Posten har vore enorm. Brevmengda har dalt ekstremt, medan mange fleire bestiller pakkar. Om du hadde 100 brev å sende ut i år 2000, så har du rundt 30 av dei i 2020, seier han.

Av rein tilfelle enda han opp som postbod som 18-åring. Det angrar han ikkje på den dag i dag.

– Eg var på opptaksprøve hos musikklinja på Voss Folkehøgskule, men livet var lyst og useriøst og eg hadde ikkje førebudd meg noko.

Då opptaksprøva ikkje gjekk vegen, fekk Låstad eit freistande tilbod av fetteren sin som jobba på postterminalen i Bergen.

– Eg gjekk tre månadar på ein postskule, noko som var ganske omfattande. Etter det var det ut som postbod med Aftenposten tytande ut av henda på meg.

Verdas beste team

Etter å ha vore både i Bergen og Åsane, hamna Låstad omsider på postkontoret i Knarvik. Han beskriv det som ein trygg arbeidsstad.

– Eg har alltid sagt at det er verdas beste team. Det er eit utruleg godt miljø, seier han.

Låstad legg til at han er takknemleg over åra han legg bak seg. For han har ikkje posten si stadige omstilling vore eit stort problem.

– Eg er enormt tilpassingsdyktig. Då ein var ung blei ein fort møkande lei, så eg vil nok seie at dei beste åra har vore dei ti siste.

Ikkje heilt arbeidsledig

Som bassist i Vinskvetten, familiemann og over snittet sosial, vil Låstad få nok å gjere på som pensjonist.

– Eg blir ikkje arbeidsledig for å seie det sånn. Eg er veldig glad i hus og hage, og driv på med eit prosjekt saman med sonen min for tida, fortel han.

– Det som bekymrar meg mest er når vinteren kjem og vêret blir dårleg. Då blir det nok mindre å gjere på.

Vinteren er også det han trekk fram som noko han ikkje kjem til å sakne med jobben som postmann.

– Det er svintungt om vinteren. Du køyrer rundt i seks timar på glatte, dårlege vegar i mørket, og du er mykje åleine.

For noko av det Salhus-mannen likar best med postmannsjobben, er nemleg det sosiale med både kollegaer og dei som står ved postkassa og ventar.

– Eg har trivest utruleg godt, seier han.