(Bergensavisen): Strilen frå Austrheim seier stopp etter 16 sesongar i toppfotballen. Serieavslutninga mot Vålerenga søndag var Ingrid Ryland si siste opptreden heime på Stemmemyren. Ho stoppar på 275 toppseriekampar i Norge, pluss spel i England og Sverige.

Sjølv om Brann måtte ta til takke med 1-1, sørga eit rekordstort publikum, pokalutdeling og gullkonfetti for ein verdig avslutning for ho som har fått kjælenamnet «tante Ingrid» av supportarae og lagvenninner.

– Det er vemodig. Om eg har greidd å ta innover meg at det er slutt? Litt ja, men mest nei. Det vil nok ta litt tid å verta van med ein kvardag utan fotball, smilar Ryland.

Sja BA si sending frå gullfesten her:

Det var brede smil og mange varme klemmer da Brann fikk seriegullet på Stemmemyren søndag.

Tårevått

Ho greidde ikkje å halda tårene tilbake då ho før kampen vart takka av framfor dei rekordmange 1320 tilskodarane på «Stemmen».

– Då hadde me sunge Nystemten, og den får eg alltid ein klump i halsen av. Så sto Mette (Hammersland) der med tårer i augene. Då knakk eg. Då gjekk det opp for meg at dette var siste gongen eg fekk spela på Stemmemyren, fortel Ryland til BA.

Det gjenstår framleis éin siste kamp for 33-åringen før det er heilt slutt: Cupfinalen mot Stabæk på Ullevål neste helg.

– Eg har så lyst på det cupgullet at du anar det ikkje. Eg kan ikkje tenka meg eit betre punktum enn å ta «double» med Brann, smilar ho.

President-hyllest

I tillegg til serie- og cupgull med Sandviken, Brann og Avaldsnes, har Ryland fått med seg 25 A-kampar for Norge. På landslaget spelte ho mellom anna saman med ho som delte ut seriegullet til Brann søndag ettermiddag – stril og fotballpresident Lise Klaveness (41).

– Ingrid er «heil ved», og ho har vore ein fantastisk representant for oss «norom brunæ». Ho har vore ein lagspelar som i tillegg til å prestera sjølv, har bygd opp dei rundt seg, seier Klaveness, som som kjend er frå Frekhaug.

– Eg skulle gjerne ha sett at Ingrid heldt ut to-tre år til, men når ho no har bestemt seg for å legga opp, er eg sikker på at eg har mange med meg når eg takkar henne for alt ho har gitt gjennom karrieren sin, rosar fotballpresidenten.

– Ho må stikka innom

Også i Brann har ein problem med å sjå føre seg ein garderobekvardag utan Ingrid Ryland.

– Å ikkje ha Ingrid her vil rett og slett gå ut over livskvaliteten min. Aten må Olli (Harder, trenar og sportssjef i Brann) få henne til å komma innom med jamne mellomrom, eller så må eg rett og slett overtala henne til eit comeback, ler Cecilie Redisch Kvamme.

Ryland har ikkje spelt myke etter Harder tok over som Brann-trenar i sommar, men newzealendaren kan ikkke få understreka nok kor viktig 33-åringen har vore for klubben.

– Sjølv når ting ikkje har gått hennar veg, har ho stått på og støtta lagvenninnene. Ingrid er ei klassedame, seier Harder.

– Derfor vil det bety endå meir for meg personleg om me kan gje henne eit cupgull i avskjedsgåve neste helg!

Fakta

Brann – Vålerenga 1-1 (1-0)

Topp 4-sluttspill fotball kvinner, Stemmemyren. 1320 tilskuere (rekord). Dommer: Henrikke Holm Nervik, Trygg/Lade. Gult kort: Ingrid Stenevik, Brann, Andrine Tomter, Janni Thomsen, Elise Thorsnes, Vålerenga. Rødt kort: Ingrid Stenevik (55), Brann, Andrine Tomter (68), Vålerenga.

Mål: 1-0 Nora Eide Lie (41), 1-1 Karina Sævik (49).

Brann (3-5-2): Aurora Mikalsen – Ingrid Stenevik, Guro Bergsvand, Tuva Hansen – Cecilie Redisch Kvamme, Marit Bratberg Lund, Nora Eide Lie (Rikke Nygard fra 76.), Lisa Naalsund, Therese Åsland (Signe Gaupset fra 64.) – Svava Rós Gudmundsdóttir, Maria Brochmann (Ingrid Ryland fra 58.).

Vålerenga (3-5-2): Jalen Tompkins – Camilla Huseby, Ingibjörg Sigurdardóttir, Andrine Tomter – Janni Thomsen, Ylinn Tennebø, Thea Bjelde, Dejana Stefanovic, Olaug Tvedten (Stine Brekken fra 76.) – Karina Sævik, Elise Thorsnes (Mawa Sesay fra 86.).