Gå til sidens hovedinnhold

Tusenårig steinkross øydelagt under trefelling

Artikkelen er over 9 år gammel

-Heilt frykteleg, seier kyrkjeverje Trude Brosvik.

Steinkrossen ved kyrkjegardsmuren ved kyrkja i Eivindvik vart fredag ettermiddag øydelagt under trefelling. Den 2.85 meter høge keltiske krossen, som ein reknar med vart reist på Olav den Heilage si tid, er knekt av. Berre nedste delen står igjen.

Den 2,85 meter høge keltiske krossseKyrkjeverje Trude Brosvik har meldt hendinga til politiet, slik ho er pliktig til når det handlar om automatisk freda kulturminne.

Gjort for å sikra krossen

- Ironisk nok vart trefellinga gjort for å sikra krossen ved kyrkjegardsmuren. Trea som står begynte å bli dårlege, og orkanen ”Dagmar” sine herjingar har ikkje gjort forhold betre. Difor bestemte Kyrkjeleg Fellesråd seg for å fella dei mest utsette trea, fortel Brosvik.

Gjennom eit lokalt skyttarlag fekk fellesrådet henta inn folk som har god erfaring med denne typen arbeid.

- Det vart gjort sikringstiltak i forhold til steinkrossen, men så skjedde dette likevel. No må vi berre prøva å gjera det beste ut av situasjonen, og sjå om den kan setjast saman igjen. Krossen er ikkje knust, og det er eit reint brot. Men uansett vil ikkje steinkrossen bli den same, seier kyrkjeverkja i Gulen til Nh.

Vart slått ut

Ein representant frå kulturvernavdeling i Sogn og Fjordane fylkeskommune skal med det første til Gulen for å sjå på skadane.

Brosvik vart slått ut då ho fekk meldinga om at steinkrossen var øydelagt.

- Også dei som stod for trefellinga er veldig lei seg, fortel kyrkjeverja.

- Kyrkjeleg fellesråd orienterte både kommunen og prosjektleiar for tusenårsstaden om korleis vi hadde tenkt å utføra arbeidet, før vi gjekk i gang. Vi hadde stort fokus på å sikra krossen, fortel Brosvik.