No står Olavskrossen i Eivindvik igjen

VIKING-GLANS: Dagleg leiar for tusenårsstaden, Anne Hopland, flankert av Haakon Storaas og Vivi Helen Storaas. Alle tre er medlemer i Frendar Vikinglag, som kasta glans over opninga.

VIKING-GLANS: Dagleg leiar for tusenårsstaden, Anne Hopland, flankert av Haakon Storaas og Vivi Helen Storaas. Alle tre er medlemer i Frendar Vikinglag, som kasta glans over opninga. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

GULEN: Den over tusen år gamle steinkrossen i Eivindvik er gjenreist, fem år etter at den vart knekt.

DEL

Sorga var stor i Gulen då steinkrossen som har stått ved kyrkjegardsmuren vart knekt i april 2012. Krossen er frå 1000-talet, og ein reknar med at den vart sett opp i samband med kristninga av Norge. Det ironiske var at korset vart knekt då ein felte eit tre – fordi ein var redd for at treet skulle velte og knekke korset. 

Sjokkmelding

– Eg sat i eit møte då eg fekk meldinga som ein tekstmelding: «Krossen e øydelagd!» Dei andre sa at det såg ut som om eg hadde fått melding om eit dødsfall i familien der eg storma ut, sa Trude Brosvik under markeringa av gjenreisinga av korset i førre veke. Det første Brosvik gjorde den fatale dagen var å ringe politiet og melde frå om det som hadde skjedd.

– Det var sjokk og vantru og stor sorg for mange, då korset vart knekt, sa ordførar i Gulen Hallvard Oppedal, i følge Firda.

– Ein kan jo berre ta ein kik på kommunevåpenet til Gulen, så skjønar ein kvifor det var så viktig for folk at korset måtte komme attende til Gulen, repliserte riksantikvar Jørn Holme, som vitja Eivindvik i samband med markeringa.

Olavskrossen i Eivindvik

Olavskrossen i Eivindvik er eit av to steinkross frå ca 1000 e.Kr som står på kva si side av vollen der ein meiner at Gulatinget har vore lengst (900-1300)

Krossen er av keltisk type og er antatt å vere frå 1000 talet, medan den angliske krossen i Krossteigen kan vere eldre (900)

Krossen vart knekt 27. april 2012 unde ein treryddingsoperasjon – som var planlagd nettop for å hindre at greinar skulle falle ned og skade krossen.

Krossen er laga i granatglimmerskifter og henta frå Hyllestad (det same er den angliske krossen)

Det har vore ca 40 individuelle, store (3 meter over bakken) steinkors på Vestlandet

Det er ingen andre stader på Vestlandet at en har TO slike store individuelle krossar som står på kvar side av ei mark. Dette har fått historikarar og arkeologar til å konkludere med at denne staden har vore av spesielt stor betydning på Vestlandet

Olavskrossen i Eivindvik vart sett opp att på dagen 5 år etter at den knakk, 27. april 2017.08.18 – men vart først markert formelt tysdag 15. august

– Her i Gulen er vi veldig glade for at korset no er kommen opp att der den stod før ulykka. For oss er det og veldig viktig at den kom opp att på same stad, fordi den er ein historieforteljar om Gulatinget og om innføringa av kristendommen i Noreg.

Det var nemleg ikkje så sjølvsagt at korset skulle gjenreisast på same staden, fortalde Oppedal:

Lang kamp

– Det var ulike synspunkt i fagmiljøa om kva som ville vere den beste løysinga. men til slutt vart kommunen lytta til, og Riksantikvaren bestemte at korset skulle settast opp att i Gulen. Restaureringsoppdraget vart deretter gjeve til Stavanger Arkeologiske Museum ved Universitetet i Stavanger.

Markeringa vart avslutta med opptog frå Krossteigen til Olavskrossen. Ingrid Hellwege Haveland (mangeårig kunstnarleg leiar for «Håkonarspelet») blåste til markering med lur, Frendar vikinglag – eit nystarta vikinglag for Ytre Sogn og Sunnfjord kasta glans over arrangementet på ekte vikingvis.

Lokalhistorikar Magnor Midttun framførte ein prolog ved Olavskrossen - eit hyldningsdikt til Olavskrossen, før Riksantikvaren skar snor med vikingkniv og ønska korset velkommen heim. Deretter vart det festkonsert med musikaren Karl Seglem, og sopranen Christine Marøy akkompagnert av Jon Kristian Bye, med etterfølgande festmiddag på Gulating Hotell.

Artikkeltags