NGIR si årlege vårrydderute er allereie i gong, som eit tilbod til dei som bur langt unna gjenvinningsstasjonane.
Tilbodet gjeld berre for hushalds- og hyttekundar. Førstkommande laurdag, 28. april, kjem NGIR til Gulen/Masfjorden, ved Leversund bru, før den fortset vidare til Solund. Her kan du levere elektrisk-, farleg- og restavfall som er for stort til bossdunken, med meir.
NGIR opplyser at avfallet bør setjast ut så nær hentetidspunktet som mogleg, for å hindre skade på dyr og natur, og på staden der ein vanlegvis plasserer bossdunkane sine.

Les også
– Mannen min hadde jo inga tru på at det i det heile var nokon konkurranse, men han ville jo heller ikkje ta ifrå meg håpet