Belgisk mann døydde i dykkarulykke i Gulen

Ein fritidsdykkar frå Belgia døydde under eit dykk i Krakhellesundet i Solund kommune onsdag ettermiddag, opplyser politiet.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

– Det var tre dykkarar i sjøen då ein av dei fekk problem og blei tatt til land. Etter gjenopplivingsforsøk blei han erklært død, seier lensmann Ivar Holmaas i Gulen, Masfjorden og Solund lensmannsdistrikt til NTB.

Han kan førebels ikkje seie noko om årsaka til ulykka. Politiet fekk melding om hendinga klokka 13.02.

Etter det politiet veit, var mannen del av ei utanlandsk gruppe som var på ein organisert tur med Gulen Dykkesenter.

– Politiet jobbar med å sikre utstyr og snakke med personane som er samla på dykkesenteret, seier Holmaas.

Kriseteamet til kommunen er tilkalla.

(©NPK)

Artikkeltags