Dåp av oppsynsfartøyet MS «Eir» i Bergen

Den nye oppsynsbåten til Norwegian Rig Shuttle, M/S Eir, vert døypt i Bergen.

Den nye oppsynsbåten til Norwegian Rig Shuttle, M/S Eir, vert døypt i Bergen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Fredag 31. august, kl. 10-15, inviterer Norwegian Rig Shuttle til open båt om bord i sin nye båt, MS «Eir» på Dreggekaien i Bergen.

DEL

Her har du høve til å kome om bord å sjå på Fiskeridirektoratet sitt nye oppsynsfartøy og slå av ein prat med mannskapet.

Den hurtiggåande oppsynsbåten av typen Alu Safe 2000 MPV (Multi Purpose Vessel) er levert til Gulen-selskapet Norwegian Rig Shuttle av Maritime Partner i Ålesund. Båten skal brukast av Fiskeridirektoratet langs heile norskekysten.

Klokka 15:30 vert det dåp av MS «Eir». Gudmor er Sissel Rogne, direktør i Havforskingsinstituttet.

Artikkeltags