Rusa mann mista lappen

DEL

Ein politipatrulje stogga ein bil på E39 på Oppedal klokka 11.36 fredag. Det var mann i 50-åra som køyrde. Han var rusa på alkohol. Politipatruljen har teke førarkortet i frå han.

Karen vert framstilt for blodprøve på legevakta og vert anmeldt.

Dette melder Vest politidistrikt på sin Twitterkonto kl 13.45, fredag.


Artikkeltags