Veg stengt i Gulen grunna bilberging

Stod fast på vinterføret. Vegen er no meldt opna att.

DEL

(Firda) Fylkesveg 57 var onsdag morgon stengt mellom Dale og Osen bru på grunn av bilberging, melder Vegtrafikksentralen vest. Ein lastebilen stod mellom Rutledal og Storehaug.

Lastebilen har sete seg fast på vinterføret, seier trafikkoperatør Ketil Molvær.

– Han driv og legg på kjetting, og er redd han sig i fjellveggen. Entrepenør er på veg med strø, seier Molvær.

Planen er å få lastebilen av garde utan hjelp frå bergingsbil. Kor lenge vegen blir stengt er umogleg å seie, seier Molvær.

Klokka 08.23 melde Vegtrafikksentralen at vegen var opna att for trafikk.

Artikkeltags