– Veldig gøy å delta!

STILTE MED DAMELAG: Avdelingssjukepleiarane Sissel Kvame, Joy Palmer og Vivian Våge har vore med på bedriftsskytinga. – Skyting er for alle!
GULEN: Tirsdag hadde Oppedal/Brekke skyttarlag finale i bedriftsskytinga. Sjølv om «Søstrene 1149» hamna langt nede på tabellen, var dei godt fornøgd med innsatsen. – Det viktigaste er å delta!
Bedriftsskytinga, som har vore annakvar tirsdag sidan desember, er ei uhøgtideleg konkurranse mellom bedrifter, for å få «ikkje-aktive» skyttarar til å komme saman å skyte og ha det sosialt.
– Ikkje med for å vinna
Totalt 13 lag har vore med, med tre skyttarar på kvart lag. Eit av desse laga består av avdelingssjukepleiarane Vivian Våge, Joy Palmer og Sissel Kvame, som kalla seg «Søstrene 1149», som alle jobbar på Gulen sjukeheim.
– Talet 1149 kjem av at det er husnummeret til sjukeheimen, fortel Joy med eit smil om munnen. Dei tre har ikkje tatt konkurransen like alvorleg som «dei andre i skinnjakker».
– Vi er ikkje med for å vinna akkurat, ler Sissel
– Det er ein del erfarne skyttarar som er med, så vi skil oss litt ut frå dei andre. Vi har fått ein del rare blikk, men eg trur dei andre syns det er kjekt at vi har stilt med eige lag, seier Vivian.
– Sosialt og kjekt
Det var Vivian som tok initiativ til å stilla med lag.
– Eg såg Oppedal/Brekke skyttarlag etterlyste eit reint damelag, og tenkte at «det skal vi klare å stille», så eg spurte Joy og Sissel, og begge tok utfordringa på strak arm, seier Vivan, som no har blitt så ivrig at ho vurderer å delta på Landsskyttarstemnet til sommaren.
Sissel og Joy er glade for at dei vart spurt om å vera med.
– Vi har hatt det veldig gøy. Det er sosialt, og kjekt å gjera noko saman utanom jobb. Eg var litt skeptisk i starten, men fann fort ut at skyting er for alle, seier Sissel.
Viss det vert fleire sesongar med bedriftsskyting vil dei tre stilla med lag igjen.
– Heilt klart! Og kanskje får vi med oss fleire av sjukepleiarane på sjukeheimen også, seier dei.
– Flott med aktivitet
Leiar for Oppedal/Brekke skyttarlag, Bjørn Ingvar Oppedal, synest det er kjekt at så mange bedrifter har stilt med lag.
– Det er flott at vi får litt ekstra aktivitet i klubben. Fleire av skyttarane har vorte betre etter kvar gong, og mange har vorte flinke skyttarar, seier han.
Lag Poeng totalt
1 Edda Frisør 65
2 BKK 2 59
3 Bondelaget 54
4 Joker 52
5 BKK 1 47
6 Rotepus & Co 36
7 Stordalen Tomteselskap 31
8 Hydra Maritime 30
9 Skahjem Bygg 29
11 Marine Harvest 25
11 Søstrene 1149 18
12 Havforskningsinstittuet 14
13 HAFS Elektro 10
Kommentarer til denne saken