Gå til sidens hovedinnhold

Gulen-firma skal bygga den nye oppsynsbåten for Fiskeridirektoratet

Fiskeridirektoratet får nytt materiell

Artikkelen er over 4 år gammel

Båten, som er av Maritime Partner-design Alusafe 2000 MPV (Multi Purpose Vessel), skal leverast i desember 2017.

Det er Gulen-reiarlaget Norwegian Rig Shuttle som har inngått kontrakt med Fiskeridirektoratets regionkontor i Tromsø. Kontrakta har ein varigheit på tre år frå januar 2018, samt ein opsjon på vidareføring (1 + 1 år).

LES OGSÅ: «– Når ein søker byggeløyve på eit etablert industriområde, bør det vera ein 15-minutts sak. Ikkje 18 månader»

Byrja med transportjobbar for PSW

Gulen-selskapet Norwegian Rig Shuttle vart etablert i 2015 av Kjetil Hanvik og Torbjørn Kolås Sognefest, som følge av behovet for å frakta personell og varer i Fensfjorden i samband med PSW sitt oppdrag for Songa. Så har det heile balla på seg med rutekøyring og turistkøyring i Geiranger, før dei no inngjekk ein avtale med Fiskeridirektoratet.

Det er Gulen-firmaet som skal stilla med skippar og båt, så stiller myndigheitene med inspektørar.

 

Den nye oppsynsbåten vil verta bygd og utrusta for å kunne gå i dei nordlegaste fylka på vinterstid, noko som gjer at Fiskeridirektoratet vil verta mindre vêravhengig og meir operativ i sitt fiskerioppsyn.

Les også

Lagar lokal mat med ein vri

 

– Eit robust alternativ

I sommarhalvåret vil båten operera i Sør-Norge.

– Vi har ønskt eit meir robust alternativ enn båtane vi har disponert til no då dei har vore litt for sårbare i tøffe vêrforhold. No har vi fått sjansen å anskaffa oss eit skikkeleg verktøy, seier seksjonssjef i Fiskeridirektoratets overvakingsteneste i region Nord, Rolf Harald Jensen i ei pressemelding.

Han fortel at dei opererer i eit område som strekk seg frå Oslofjorden til Varangerfjorden, der det fleire stader er veldig vêrhardt. Båten frå Maritime Partner og Norwegian Rig Shuttle skal kunne takla vêr og vindforhold langs heile norskekysten, og vera operativ under samme forhold som kystflåten operer i.

Les også

Mongstad tavleteknikk kan få gigantkontrakt med CERN

 

Frå to til ein

Den nye båten vil erstatta dei to båtane Fiskeridirektoratet disponerer i dag.

– Førebels går vi frå to båtar til éin båt, men trass i den avgrensninga vil vi vera meir operative og mindre sårbare i forhold til driftssikkerheit, tryggleik for mannskap, og miljøsikkerheit. Dette har vore kjernepunkt i vår kravspesifikasjon, seier Rolf Harald Jensen i Fiskeridirektoratet.

Båten har overnattingskapasitet for totalt fem personar, og velutstyrte fasilitetar som bysse, messe, garderobe og kontor. I tillegg er den utstyrt med nattkamera, kran, og varmekablar i dekk og overbygning.

Norwegian Rig Shutle omsette for 2,5 millionar kroner i sitt fyrste driftsår og sat igjen med eit årsresultat på 268.000 kroner. Tala for 2016 er ikkje offentlege enno, men selskapet omsette for rundt fire millionar kroner då, opplyser Hantveit.

Kommentarer til denne saken