Denne gongen VAR det ein ubåt

Av og
Artikkelen er over 3 år gammel

SOGN: Dette bildet er teke laurdag.

DEL

I mai i år oppstod det ein diskusjon om i kva grad ein observasjon i Dalsfjorden var ein ubåt eller ein fugl. Observasjonen, som også var filma, vart gjort i mars i år.

I slutten av mai dukka det igjen opp bilde av ubåtar langs kysten. Denne gongen i Askvoll, og det var ikkje tvil, dette var ein ubåt. Det viste seg å vere den norske ubåten «KNM Utsira» som var på rutineoppdrag langs kysten.

Fotografert laurdag

Laurdag 10. september dukka det igjen opp ein ubåt. Denne gongen ved Brekke i Sognefjorden, og Forsvaret sjølv feiar all tvil til side.

– Denne ubåten kjenner vi til. Det er ein ubåt av «Ula»-klassen, og han er vår eigen, seier kommandørkaptein Arne Martin Jonassen ved Forsvarets Operative Senter til Firda.

Han ønsker ikkje å fortelje namnet på ubåten som vart sett ved Brekke.

– Ubåten var i Sognefjorden på eit rutineoppdrag, seier Jonassen til Firda.

– Skjer slike besøk i fjordane våre ofte?

– Det hender.

– Er det spesielle ting ein øver på, under desse turane inn fjordane?

– Eg kan ikkje opplyse noko om oppdraget, seier kommandørkaptein Jonassen.

Artikkeltags