Næringsfonda får 11 millionar i påfyll

Sp-gruppa. Fremst Karen Marie Hjelmeseter, Alexander Øren Heen og Sigurd Reksnes

Sp-gruppa. Fremst Karen Marie Hjelmeseter, Alexander Øren Heen og Sigurd Reksnes Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Viktige midlar for næringslivet i kommunane.

DEL

Hovudutval for næring og kultur i Sogn og Fjordane fylkeskommune har tildelt 11 millionar kroner til kommunale næringsfond, melder Firda.

Tilskota varierer frå rundt 350.000 til opp under ein million kroner.

Gulen kommune er tildelt litt over ein halv million, 504 508 kroner for å vera nøyaktig.

Viktige midlar

Desse næringsfonda brukar kommunane til å hjelpe bedrifter og etablerarar, og dei er slik sett viktige for næringslivet i alle kommunane her i fylket.

Førde får mest, 975.000 kroner, medan Hornindal og Balestrand får minst, om lag 350.000 kroner.

Tabellen under viser kor mykje kvar kommune i Sogn og Fjordane får:

Askvoll - 533 738

Balestrand - 356 344

Eid - 701 000

Fjaler - 625 099

Flora - 832 122

Førde - 975 855

Gaular - 530 112

Gloppen - 557 326

Gulen - 504 508

Hornindal - 352 136

Hyllestad - 560 865

Jølster - 533 603

Leikanger - 401 285

Naustdal - 525 546

Selje - 555 925

Sogndal - 649 313

Solund - 533 560

Stryn - 619 278

Vågsøy - 702 387

SUM 11 050 000

Artikkeltags