Trafikkulykke i Gulen – førar frakta vekk i luftambulanse

DEL

(Firda) – Det er ein bil som har køyrt av vegen. Det var ein person i bilen, seier operasjonsleiar Dag Olav Sætre i Vest politidistrikt.

Klokka 10.10 fekk politiet melding om ei trafikkulykke like ved Mjåsundbrua i Gulen. Ulykka skal ha skjedd på Sandøy-sida av brua. Alle naudetatane vart kalla ut.

Brannmannskap kom først til staden og hjalp pasienten, fortalde Sætre.

Politiet melder at førar kom seg ut av bilen sjølv og var bevisst. Då Firda snakka med politiet i 10.30-tida, var luftambulansen i ferd med å lande på staden.

Ulykka skjedde i ei 80-sone.

Klokka 11.10 seier operasjonsleiar at ein politipatrulje er på staden for å finne ut kva som er årsaka til ulykka.

Førar av bilen, ein mann, er flogen til Haukeland universitetssjukehus. Skadeomfanget er ukjent. Vegen er open for fri ferdsel.

Kva som er årsaka til ulykka er førebels ukjent.

Artikkeltags