Det brenn i eit uthus i Gulen

Det brenn i eit uthus i Gulen, fredag ettermiddag.

Det brenn i eit uthus i Gulen, fredag ettermiddag. Foto:

Uthus blei totalskadd i brann, men brannen spreidde seg ikkje til bustadhuset.

DEL

(Firda) Det opplyser Morten Frantzen ved 110-sentralen i Hordaland fredag kveld.

Klokka 17.00 fekk brannvesenet melding om at eit uthus på øya Fonna i Gulen stod i full fyr.

– Det er overtent. Brannmannskap er no framme og har starta sløkking, sa Frantzen klokka 17.25.

Brannmannskapet måtte ta seg fram med båt.

Uthuset som brann står like ved eit bustadhus. Ifølge Frantzen er det snakk om få meter i avstand.

– Men brannmannskapet har kontroll på brannen og det er ikkje fare for spreiing, forsikra han like før klokka halv seks.

Klokka 18.45 opplyser Frantzen at brannen er sløkt, og at brannmannskapet pakkar saman.

– Uthuset er totalskadd, men brannen spreidde seg ikkje til bustadhuset. Det har berre fått noko varme på veggen.

Det var ein mann på staden då det tok til å brenne og det var han som melde frå om brannen. Han er uskadd, opplyser Frantzen.

Eit vitne fortel at flammane var godt synleg frå butikken i Eivindvik.

– Det såg ut til at det brann ganske godt, men no verkar det som dei begynner å få kontroll, seier han.

Artikkeltags