Gå til sidens hovedinnhold

Songa offshore er seld

Artikkelen er over 4 år gammel

Det bergensbaserte selskapet Songa offshore, som driftar alle sine riggar frå Mongstad, har tysdag fått ny eigar.

Det melder Bergens Tidende.

Den amerikanske oljegiganten kjøper opp selskapet og tilbyr aksjonærane 47,50 kroner per aksje. Det er 40 prosent høgare enn sluttkursen på måndag og verdset selskapet til over 26 milliardar kroner, inkludert gjeldsforpliktelsane.

Songa offshore har i dag fire riggar av typen Cat D som er i aktivitet for Statoil, samt tre eldre riggar i opplag i Skipavika i Gulen. Selskapets kombinerte flåte vil nå vera på 53 riggar og 9000 tilsette.

Les også

Storsatsing i Gulen: Skipavika skal dobla arealet sitt

– Oppkjøpet vil styrka Transoceans posisjon som eit leiande offshore boreselskap i djupvassmarknaden. I tillegg til å bidra med rundt 4,1 milliardar dollar i ordreboka, ventast transaksjonen også å ha ein umiddelbar positiv verknad på Transoceans inntening, seier administrerande direktør Jeremy Thigpen i Transocean til Dagens Næringsliv.

Les også

PSW Group har sikra ny storkontrakt: Sysselset nær 80 personar

 

Kommentarer til denne saken