Gulingar skal truleg bygga tunnel i nabokommunen

Artikkelen er over 3 år gammel

Leverte det billigaste anbodet på tunneloppgradering.

DEL

Den 1334 meter lange Kvernhaugtunnelen frå 1987 i Høyanger skal oppgraderast. Det skal på plass 165 lysarmatur, 1350 meter med kabelstige, naudstraumnett og sju naudstasjonar samt eit teknisk bygg.

Det er nettstaden Våre vegar som melder dette.

Viftene i tunnelen skal behaldast, men den som får kontrakta må sørga for ny straumtilføring til dei.

LES OGSÅ: Siste salva i Undaltunnelen

Anboda har kome inn og det er Gulen-firmaet Birkeland entrepenørforretning som har levert det billigaste anbodet. Dei skal ha 17,45 millionar kroner for jobben. Det er halvannan million mindre enn nummer to på lista VVB Engeneering Ltd skal ha. Mesta vil ha 19,617 millionar for jobben, medan det siste anbodet var levert av eit firma frå Kristiansand, Vinje Industri. Dei vil ha 30,6 millionar kroner for jobben.

Arbeidet må vera utført innan utgangen av august 2017.

Artikkeltags