Gå til sidens hovedinnhold

– Dette går ikkje lenger

Krev fortgang i kystveg som alternativ til E39:

Artikkelen er over 6 år gammel

GULEN: – Vi må få på plass ein låglandsveg som er rassikker og snøsikker, det er heilt avgjerande.

Det seier Ivar Eide, styreleiar i Gulen og Masfjorden Næringsråd. Med raset som sperra E39 i Romarheimsdalen har næringslivet i Gulen vore avhengig av omkøyring på smale og dårlege vegar anten via Leirvåg-Sløvåg eller Masfjordnes-Duesund. Det heile toppa seg då sambandet Leirvåg-Sløvåg nok ein gong vart stengd grunna vind.

Isolert

– Vi kan ikkje leva med dette, vi vert nesten heilt isolert, seier Eide.

– Lokalt næringsliv slit alvorleg med det, og for gjennomgangstrafikken må dette vera heilt avgjerande å få orden på, seier han. Ferja over Fensfjorden har som kjent sine utfordringar.

LES OGSÅ: undefined

– Eg veit ikkje om det er for dårleg motorkraft eller om den er forma som eit segl, men kjem det litt vind så går jo ikkje ferja. Vi må få ferjer som toler litt vind, helst to ferjer som er laga for forholda. Fedjeferja går jo heile tida, seier Eide.
På litt lengre sikt krev dei å få på plass ny veg som kan avlasta E39.

Kjem fleire ras

– Det vi ønsker er at vi får ein skikkeleg kystveg gjennom Gulen, med bru over Masfjorden, og veg vidare nordover til Rutledal. Vi har nesten vore innesperra her. Denne gongen var det Romarheimsdalen, men vi har bratte fjellsider ned mot Instefjord òg. Går det ras der, har ein ikkje omkøyringsvegar. Det har skjedd før, og det vil skje igjen, seier han.

LES OGSÅ: undefined

– Dette kjem sannsynlegvis til å bli gjentakande. Det kjem meir og meir vegetasjon oppover fjellsidene, faren for ras på andre tider enn vinteren blir større og større, meiner Eide.

– Å få på plass ei låglandsveg som er både rassikker og snøsikker er heilt avgjerande, seier han.

Fortvilar over ferjene

Ein av dei som verkeleg får kjenna veg- og ferjestengingar på kroppen er oppdrettar Ola Braanaas i Firda Seafood AS. Omkøyringsmoglegheita gjennom Duesundet er uaktuelt for laksetransporten hans.

– Ein får ikkje ein semitrailer gjennom Duesundet eingong, seier Braanaas til Firda.
Det stengde europavegsambandet skaper frustrasjon for han og fleire som er avhengig av transport, men for oppdrettsgründeren ligg det mest frustrasjon rundt ferjesambandet Leirvåg–Sløvåg.

– Ferjematerialet der er elendig. Det er nesten forhistorisk, seier Braanaas. Han undrar seg over at eit ferjesamband som ligg under fylkeskommunane i både Sogn og Fjordane og Hordaland, kan ha så dårleg materiell. Dette har ifølge Braanaas vore eit problem over lang tid.

LES OGSÅ: undefined

– Et ein ei teskjei ertesuppe og slepp ein fis, så stoppar ferja. Vi må få plass ferjemateriell som toler vêr og vind, seier han. Problemet til Firda Seafood er at dei fleste bilane skal nedover til Europa, og må treffe med korrespondanse andre stader.

– Problemet forplantar seg. Død laks og aure er ei ferskvare, og vi har dårleg tid, seier Braanaas.
Han fortel at berre ein enkelt dag då ferjesambandet Leirvåg-Sløvåg vart innstilt stod sju bilar i ro på anlegget deira.
Med 20.000 kilo fisk i kvar, og ein kilopris på 40 kroner, tilsvarar det verdiar på 5,6 millionar kroner.

Kommentarer til denne saken