Heimevernsøving i Gulen og Masfjorden

HV-016 under øving.

HV-016 under øving. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Frå onsdag 18. oktober og fram til 23. oktober vert det militær øvingsaktivitet i Nordhordland og Gulen.

Det skriv Heimevernet i ei pressemelding.

– HV gjennomfører øving 18-23. oktober, med hovudtyngde frå 20-23. oktober.  Øvinga vil i hovudsak bety aktivitet i Gulen og Masfjorden kommune, seier Steffen Sanden i G3/Hv09 Bergenhus i meldinga.

Øvinga inneber at det vert synleg militært personell i lokalsamfunnet, og militær aktivitet langs vegakser og enkelte knutepunkt. 

– Mannskapa vil bera våpen, seier Sanden.

Gjennom heile perioden vil det vera aktivitet ved Frøysetvågen skytebane i Masfjorden, samt Tjørnaleitet Skytebane i Gulen.

– Vi oppfordrar publikum til å ikkje ferdast i desse områda i denne perioden, samt å etterkomme anmodningar gitt av militært personell.

Det vil bli skutt med skarpt på skytebanane, samt ein del bruk av løsammunisjon nattestid.

Denne aktiviteten vil bli forsøkt halde unna bebygde område.

Lokalt politi vil heile tida vera informert om aktiviteten.

Artikkeltags