Dei har halde mønster og ferdige produkt tett til brystet, men forrige lørdag var det endeleg sleppefest for dei nye kommunekoftene til Masfjorden og Gulen, designa av Ripsdamene.

Frå Flolid til fjorden

Gulenkofta har mykje symbolikk i seg, både i mønster og fargar. Det grøne representerer jordbruket, det blå havet, fjorden og regnet, det brune fjell, holmar og skjær, og det lilla lyngen.

- Nede på bolen og armane har vi strikka inn tusenråssteinane på Flolid, seier Signe Barøy. Ho fortel vidare at Hovudborden i berestykket er inspirert frå brekkebunaden, i tillegg kan ein sjå att korsa i kommunevåpenet, og bølgjer som symbolikk for fjorden og havet.

Historiske pulsvantar

Ripsdamene var tidleg ute og spurte folket etter innspel til mønster på dei to koftene for å symbolisera kommunane best mogleg. Dei fekk mange flotte forslag både på mønster, element og fargar.

- Etter mykje tenking, teikning, evaluering og samtalar med Hillesvåg Ullvarefabrikk kom vi fram til gode resultat, seier ripsdamene og legg ikkje skjul på at dei er veldig stolte av dei to flotte kommunekoftene.

Slik nh skreiv i onsdagsavisa har Masfjordkofta sitt berestykke element frå fjella, forkle til Masfjordbunaden og holda i kommunevåpenet.

Kofta sitt blå-kvite fargeval er inspirert av eit par gamle pulsvantar frå Masfjorden som ein no finn på Bergen Historiske museum. Deira mønster prydar og bolen og ermane på kofta.

Mange innspel

Rips garn og interiør held til i Vidsyn i Sløvåg. Dei tre Ripsdamene er Signe Baarøy, Wenche Dåe og Lene Hansen Kvamsdal.

Dei retter ei stor takk til alle som har kome med innspel, til Hillesvåg Ullvarefabrikk for eit fantastisk samarbeid med oppskriftene, og til dei to kommunane for støtte til arbeidet.

Dei som har latt seg inspirera til å strikka si eiga kommunekofte, får oppskrift og nødventdig utstyr ved å kontakta ripsdamene.no.