– Eg ville jo gjere litt ut av frieriet. Eg ville ikkje fri over fredagstacoen, liksom!

Det seier Jørn Lund (31) til Firda. Etter fem år saman med kjærasten bestemte han seg denne sommaren for at tida var inne for å fri til kjærasten Linn Fjæren. Lund visste at han ville gjere dette med sin eigen vri. Det kan ein trygt seie at han gjorde.

Det var NRK Sogn og Fjordane som først omtalte saka.

LES OGSÅ: Gift, skild, og gift igjen

– Det var eit fælt styr

– Eg fann ut at ingenting kunne vere betre enn å fri på Gråberget. Dama mi hadde aldri vore på det fjellet før, og vi hadde planlagt å gå på det fjellet i fleire år, seier han.

31-åringen fann ut at han ville skrive frieriet nede på bakken, slik at kjærasten kunne sjå det frå fjellet. Men han var usikker på korleis han skulle vere sikker på at kjærasten faktisk såg det frå toppen 800 meter over bakken.

– Eg var innom både plankar og stein som potensielle alternativ. Men så fann eg  ut at eg rett og slett kunne måle spørsmålet på ein svær presenning, seier han.

Men det var lettare sagt enn gjort.

– Det var eit fælt styr! Det har ikkje vore den finaste sommaren, og ein kan jo ikkje måle når det regnar. Og så skal du brette ut ein presenning på 350 kvadratmeter utan å vekke stor oppsikt, seier han.

LES OGSÅ: Giftar seg på Utkant

Blei mistenkt for tagging

Han enda opp med å ta hyppige turar heim til Gulen «for å hjelpe far sin med noko». Der visste han om eit stort lokale for bussar som kunne eigne seg for å måle den store presenningen. Men å ikkje trekke til seg merksemd skulle ikkje bli lett.

– Eg blei avslørt av ein eldre bussjåfør som skulle hente bussen sin. Han ropte straks: «Kva i helsike held du på med?» Han trudde eg skulle tagge ned heile stasjonen, seier Lund og ler.

Lund såg seg difor nøydd til å fortelje bussjåføren om det heile, og han fekk då lov til å halde fram med målinga.

Etter kvart var presenningen klar, og tida var inne for den store fjellturen. Jørn fekk hjelp av ein kamerat til å rulle den ut på ein bø, før han og kjærasten skulle begynne på fjellturen.

– Kjerringa var steike forbanna då vi skulle reise. Då eg skulle rulle ut presenningen, hadde eg berre stukke av medan unge og bikkje stod på hovudet i huset, seier Lund og ler.

Men stemninga tok seg heldigvis opp på toppen av fjellet.

LES OGSÅ: Tyrkiaflørten hamna i Skjerjehamn

Gjett kva ho svarte

– På toppen såg ho utover Høyanger. Ho såg huset der ho vaks opp og huset vårt. Så såg ho presenningen på bøen, og gispa: hææ? du køddar? Då gjekk eg ned på kne, og sette på romantisk musikk på Spotify frå mobilen, seier Jørn.

Ut med det! Sa ho ja?

Ja, heldigvis. Det var berre ein veg ned frå fjellet. Hadde ho sagt nei, hadde eg stått der enno, seier Jørn og ler.

Han fortel at dei truleg kjem til å gifte seg sommaren 2017. I mellomtida får Jørn stadig spørsmål om kva han skal gjere med presenningen.

– Det har slått meg at eg kan legge den ut på finn.no. «Ferdig frieripresenning seljast til høgstbydande».

Men då må vedkommande heite Linn?

Nei då. Det er ti presenningar som er skøytte i hop. Så namnet kan koplast av, seier han og ler.

LES OGSÅ: Stort oppmøte på bryllupsmessa: – Her fekk vi masse inspirasjon til bryllaupet