Gå til sidens hovedinnhold

Sprek opning av friluftslivets år

Artikkelen er over 6 år gammel

Det skal meir enn torden og kraftige haglebyger til for å stoppa desse tøffingane.

Både i Gulen, Lindås og Radøy hadde ordførarane tatt imot utfordringa om å liggja ute natta mellom 13. og 14. januar for å markera opninga av Friluftslivets år 2015. Dei tre friskusane ønskte seg sjølvsagt selskap, og hadde oppmoda både barn, unge og vaksne i kommunen om å bli med.

Det resulterte i at 4 barn og 15 vaksne sov ute på Lygra i lag med Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes. Ho hadde selskap av Samhald II 4H, Nordhordland turlag og fleire andre.

LES OGSÅ: Ligg ute med Hallvard

– Eg er veldig spent på om eg får sova ute, sa Astrid før ho kraup ned i soveposen. Og sova fekk ho, sjølv om vinden kom i kast og ruska kraftig i soveposen, det lynte og tordna, regna og hagla. 

Gulen-ordførar Hallvard Oppedal hadde med seg kona, eit formannskapsmedlem og 75 prosent av ungdomane på Brekke skule. På facebook melder Linda Hantveit i Ytre Sogn Turlag om at sjølv i landets våtaste bygd vart det ein fantastisk start på Friluftslivets år. 

Radøy-ordførar Jon Askeland overnatta i lag med fire friskusar på Nøttveitveten, og utover kvelden fekk dei besøk av fleire som ønskte å halda dei med selskap, men som ville gå heim å sova.

– Høgdeopphaldet gav energi, sjølv om det var ei mørk og stormfull natt, seier Askeland. Presenning vart hengt opp føre opninga på gapahuken, og stormkjøkken og sjokolade gjorde susen i det røffe vêret.

I Meland var det fungerande ordførar Lars Barstad som overnatta ute i Haltejohansvika saman med fleire frå administrasjonen i Meland.

– Vi gjekk til ro rundt midnatt. Klokka kvart over to ringte telefonen, då måtte eg på plass for å hjelpa til på sjukeheimen etter straumbrot, fortel Barstad. Årsaka til straumbrotet denne gongen var kraftig lyn og torden i området, og straumen var vekke til rundt klokka 06.00 onsdag morgon.

Også Marås 4H markerte kvelden med bålkos på Stølane, og dei tøffaste av dei la turen til Veten – for å skremma ordføraren.

Del gjerne dine bilde med oss om du har vore med og markert starten på Friluftslivets år.

Kommentarer til denne saken