Sjå video: Sjekk giganttorsken Simen frå Gulen fanga på dykketur!

Simen og torsken

Simen og torsken Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Frivannsliv-gjengen frå Nordhordland med spektakulære undervassbilete.

DEL

– Me sat i bilen på veg heim og lurte på om me skulle laga video eller ikkje. Me sette saman noko på ein times tid, og på eit døgn har den videoen vår fått meir visningar enn alle våre andre videoar har fått til saman nokon gong, seier ein entusiastisk Simen Wilberg til avisa Nordhordland. 

Gjengen i Frivannsliv, som har base på kaien i Isdalstø, får spektakulære opplevingar under sjøen få andre er forunt. Men opplevingane dei hadde i januar då dei for på firmatur til Sunnmøre overgår det aller meste.

– Ei heilt sjuk oppleving

– Det var ei heilt sjuk oppleving. Fangsten der oppe var heilt vill, seier han.

Wilberg seier at når du har kome ned på fem-seks meters djupn, vert ein omtrent som ein astronaut.

– Ein vert vektlaus og flyt rundt og ser langt i alle retningar. No på denne tida av året kan sikten fort vera på 30 meter, fortel han.

Som ein kan sjå på videoen fanga dei mellom anna ein torsk på 16,5 kilo med harpun.

Simen Wilberg og torsken

Simen Wilberg og torsken Foto:

Han seier det er skjeldan dei fangar så store fiskar på denne tida av året. Fangsten er førebels den største som er fanga til no i år i Noreg.

Wilberg har drevet med undervassjakt dei siste 15 åra. Han seier at for å ta torsk er trikset å komme ovanfrå.

– Skrått opp bak seg ser ikkje torsken noko, så om du ser ein stor torsk må du posisjonera deg rett over den og skli nedover, seier han.

Han seier at sidan dei ikkje har lufttank på ryggen, kjem det ingen bobler. Det gjeld også å ikkje klaska svømmeføttene mot kvarandre.

– Og om den skulle sjå deg, må du vera så roleg at den ikkje opplever nokon fare, seier han.

– Det ein kunst å vera ein god undervassjeger, seier han.

Denne torsken enda som middag og ligg no i ei frys på Mjømna.

Leikar ikkje med maten

– Me driv med catch and eat. Me driv med dette for maten sin del. Catch and release, då leikar du med maten din, meiner han.

Wilberg seier det er spektakulære opplevingar ein får under vatn.

– Det er så enkelt og tilgjengelig. Det er berre til å ta på seg ei våtdrakt, svømmeføtter og hoppa i sjøen, seier han.

Han seier at ein vert som ein sel i sjøen.

– Når ein fyrst kjem dit, kan ein vera der i mange timar.

– Fosenstraumen er eit eldorado

Wilberg seier at i Nordhordland er særleg Fosenstraumen ein heilt fantastisk plass å fridykka.

– Hoppar du på rette tida av året, ser du ikkje gjennom sjøen for det er så masse fisk der som står og beitar i vassskorpa. Når folk opplever det for fyrste gong, mister dei heilt kontroll på tida for dei vert så gira, fortel han.

Bedrifta Frivannsliv vart etablert i 2000 av Børje Møster. For fem år sidan gjekk den bedrifta konkurs og Simen Wilberg, Even Hopland og Hans-Martin Martinussen kjøpte opp konkursboet. I fjor vår flytta dei til Isdalstø og sidan har det berre gått oppover, seier Wilberg.

– Det går betre enn nokon gong, hevdar han.

Han seier dei opplever stor interesse for kursa dei arrangerer.

– Det har vore ei vannvittig oppblomstring i aktiviteten etter at me flytta. Kursa me har i Bergen vert fort utseld, og eg trur veksten vil halda fram, seier han.

– Kor mange undervassjegrar er det i Nordhordland?

– Det er vel rundt eit par hundre aktive undervassjegrar i Nordhordland no. Dei fleste er mest aktive på våren og hausten, sluttar han.

P.S: Sjølv om det var ein gigant-torsk Simen Wilberg fanga, er det langt at til Norgesrekorden. Den er på heile 28 kilo, fanga av radværingen Børje Møster.

Artikkeltags