Gå til sidens hovedinnhold

Tjuvjegerar slo til – men rakk aldri å få med seg byttet

Artikkelen er over 4 år gammel

GULEN: Tjuvjegerar har herja i Gulen og nabokommunane før, men i helga fekk ikkje dei skuldige med seg fangsten.

Karstein Elnes i Gulen Ettersøkslag ber folk i Gulen om å vere på vakt mot tjuvjegerar etter at det i helga blei skote eit dyr ulovleg. 

Politiet på saka  

Det var fredag kveld rundt klokka 21.00 naboar på Nese mellom Levresundet og Haveland i Gulen høyrde ein bil som stoppa i området, skriv Firda.

Ei lita stund etter høyrde dei eit skot. Mistanken om tjuvjakt kom kjapt, og difor var det også folk i området då tjuvjegerane ei stund seinare skulle plukke opp hjorten dei hadde felt.

– Tjuvjegerane køyrde difor berre vidare og dyret blei liggande igjen. Det var stukke, slik at blodet skulle renne ut, men ikkje slakta, seier Elnes.

Dyret blei funne bak ein støypekant på fv. 57 like ved eit lite skogsholt og nedkøyrsla til eit hus. Ifølge Elnes er det ein del hjort som beitar i området.

Viltnemnda blei kontakta etter hendinga og tok hand om dyret.

Saka er meld til politiet og måndag kjem det lokale politiet til staden.

Les også

Ragnar fekk uvanleg mus i fella

 

Har observert bilen til dei mistenkte

Fleire såg køyretøyet dei meiner blei nytta av tjuvjegerane og det er også notert ned eit skiltnummer.

Det har også tidlegare vore tjuvjakt i området.

– Det har blitt funne slakt her og der, og det går nok for seg i større målestokk enn vi trur, seier Elnes, som veit at det i nabokommunar har blitt ferska tjuvjegerar der lokale folk har køyrt etter dei skuldige.

– Dessverre blir dei fleste tjuvjegerane ikkje oppdaga. Det kan vere ein mistenker tjuvjakt, men å ta steget og melde det sit nok langt inne hos ein del.

Les også

No har geita Truls vore på bytur igjen

 

Åtvarar i sosiale medium

Etter tjuvjakt-episoden i helga har Gulen Ettersøkslag gått ut i sosiale medium med hendinga:

– Vi gjer det for å åtvare folk og gjere dei meir obs. Det vil gjere det verre for dei som driv med dette, seier Elnes.

I tillegg til at det vert jakta på ein hjort som jegeren ikkje har løyve til å skyte, er det også det som kan oppstå under jakta som uroar Elnes.

– Det kan vere at vedkommande har usikker bakgrunn når han skyt, og det kan vere han skyt ut av ein bil. Det kan også vere at dyret blir skadeskote, og vedkommande som driv med tjuvjakt vil neppe melde ifrå om det. Vi snakkar om store dyrelidingar i så fall.

Les også

Hjernesjukdom gir frykt for framtida til hjort og rein

 

Politiet: Får meldingar kvar haust om tjuvjakt

– Vi får meldingar om tjuvjakt kvar haust. Eg har ikkje nøyaktige tal, men det kjem i ny og ne meldingar om dette.

Det seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Ole Tom Nord.

– Nokre av dei som ringer inn meiner det er tjuvjakt om det er jakt som skjer på natta utan nødvendig lysforhold, så definisjonen er litt ulik, seier Nord, som også fekk melding om mogleg tjuvjakt i Masfjorden laurdag.

Denne telefonen blei sett over til politiet i Hordaland, og Nord har difor ikkje meir informasjon om saka.

For operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen ved politiet i Hordaland er denne meldinga ukjend. Han har heller ikkje meir informasjon om den daude hjorten som blei funne ved fv. 57 i Gulen.

– Veit du kor utbreitt det er med tjuvjakt?

– Nei, det har eg ikkje informasjon om.

Les også

Dykkarhobbyen som vart millionbutikk: No er dei størst i landet

 

Kommentarer til denne saken