Rasfare stenger veg i Gulen

DEL

Ved Åkre på fylkesveg 8 i Sogn og Fjordane mellom Oppedal i Gulen og Hest i Høyanger er vegen stengt grunna fare for ras.

Vegen har vore stengt sidan før nyttår.

– Vegen vil vere stengd fram til geolog har fått undersøkt fjellsida, seier Katrina Kvåle ved vegtrafikksentralen. Det melder Firda.

Ho er ikkje kjend med kor stort steinraset er, men seier det vil vere ny vurdering klokka tolv når ein har fått sett på rasstaden i dagslys. 

NRK Sogn og Fjordane melder på sine nettsider at det på fyrste nyttårsdag gjekk eit steinras over vegen ved Åkre, som ligg i Høyanger kommune. Raset sperrar vegen på staden.

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no Video: Video SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags