Halland leiar Wergeland-Halsvik

DAGLEG LEIAR: Reidun Halland er tilsett som dagleg leiar i Wergeland Halsvik AS. (Arkivfoto)

DAGLEG LEIAR: Reidun Halland er tilsett som dagleg leiar i Wergeland Halsvik AS. (Arkivfoto)

Artikkelen er over 8 år gammel

Nytt selskap under etablering.

DEL

Reidun K. Halland er konstituert som dagleg leiar i Wergeland-Halsvik AS. Ho tar over etter Lars Hellandsjø.

Halland har vore tilsett i Wergeland konsernet sidan 2006, og har til dagleg økonomisjef funksjon i konsern- og dotterselskap.

Samtidig er Wergeland-konsernet i ferd med å etablera eit nytt selskap, Wergeland Base AS.

- Wergeland konsernet er inne i ein prosess med omstrukturering, og konsernet ynskjer å spissa aktiviteten ytterlegare mot maritim- og oljeindustrien. Konsernet går no i gang med å bemannaopp det nye selskapet”, seier Reidun K. Halland i ei pressemelding.

Den nye daglege leiaren seier Wergeland-Halsvik AS er i spennande utvikling. - Selskapet fekk nytt moderne forbrenningsanlegg i 2008, og i løpet av 2010 vil vi få på plass nytt vass- og biologisk reinsetrinn. Løysinga er framtidsretta og vi er stolte over å kunne tilby markedet eit av Norges beste behandlingsanlegg for avfall frå oljeindustrien, seier Halland som framhevar Sløvåg som ein spennande arbeidsplass.

Artikkeltags