Gründerpris til Ask Adam

PRIS: I lag med kona Linn Dyveke har Njål Wilberg fått årets grûnderpris for ungdom i Sogn og Fjordane.

PRIS: I lag med kona Linn Dyveke har Njål Wilberg fått årets grûnderpris for ungdom i Sogn og Fjordane.

Artikkelen er over 8 år gammel

SMS-teneste får ungdomsprisen.

DEL

Ask Adam AS ved Njål og Linn Wilberg vart årets vinnarar av Sogn og Fjordane sin Gründerpris for ungdom på 30 000 kroner.

Juryen seier i grunngjevinga at det spesielle med desse IT - gründerane er at dei valde å etablera seg på Linn sin heimstad Mjømna i Gulen, og såleis viser at det er mogeleg å etablera kommersielle og nyskapande satsingar også i distriktet.

Ask Adam er ei kunnskapsteneste som leverer SMS – søk mot nettleksikon, ei teneste som er det første i sitt slag i Noreg, og vert marknadaført i heile Norden.

Ekteparet satsar på å utvida tenesta allereie frå neste år, og dei er involverte i fleire andre nyetablerte IT- og teknologiverksemder på Mjømna.

Artikkeltags