Spelte vikingane volleyball?

– Kvifor bygga eit moderne funkishus på ein gammal vikingstad, der burde det vel heller vore eit langhus som likna på dei gamle vikinghusa, spør Kari Larsen i dette lesarinnlegget.

– Kvifor bygga eit moderne funkishus på ein gammal vikingstad, der burde det vel heller vore eit langhus som likna på dei gamle vikinghusa, spør Kari Larsen i dette lesarinnlegget. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevSit og les om Gulating visingsstad som dei skal ha, den er rekna å koste 75 millionar der Gulen kommune skal betala ein tredel av summen. Slike prosjekt har ein tendens til å bli mykje dyrare. Er det dei pengane vi betaler i eigedomsskatt i Gulen skal gå til, trudde det skulle gå til mellom anna eldreomsorg og skular.

Har Gulen kommune så mange pengar at dei har råd til å bruka nær 30 millionar på eit moderne funkishus på fritidsparken til folket i Eivindvik-området, så har dei vel lite bruk for dei pengane.

Tenker også kvifor bygga eit moderne funkishus på ein gammal vikingstad, der burde det vel heller vore eit langhus som likna på dei gamle vikinghusa.

Kva kostar det oss å ha ein person sittande på kommunehuset å arbeida med prosjektet? Dei sette jo opp ein volleyballbane til fleire hundre tusen for nokre år sidan, kva har ein sånn bane på ein vikingplass å gjera, var det vanleg at vikingane spelte volleyball? Det er og ein ting som gjer at det ber preg av å vera ein fritidspark, kva budsjett tok dei pengane frå?

Er det rart kommunane slit, og stadig må skjera ned på dei faste utgiftene.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags