Gå til sidens hovedinnhold

På ein time vart tre hjortar påkøyrde i Gulen

Artikkelen er over 3 år gammel

Onsdag morgon var ein usedvanleg tøff morgon for både bilistar og hjortar i Gulen.

I løpet av ein time vart hjortar påkøyrde i høvesvis Eivindvik, Brekke og på Dalsøyra.

– Bilistane må vera merksame på at det er mykje hjort og at ein må ta omsyn, seier lensmann Ivar Holmaas til avisa Nordhordland.

Han seier det er særleg viktig å vera merksame på hjortefaren no på hausten når det er mykje vandring på hjorten då dei flyttar seg og leitar etter beiter. Då kryssar dei fort vegen.

– Difor er det viktig å vera merksam på det og seinka hastigheita der det er fare, seier Holmaas og viser til at påkøyrslene ofte skjer på dei samme plassane.

Les også

Skal få 10.000 nye innbyggarar i Knarvik og Alversund – Men legg ingen restriksjonar på biltrafikken

 

– Ha det litt i tankane i dei områda ein veit det er hjortetråkk og ser det er skilta. Ta det på alvor og køyr litt seinare, så ein har tid til å reagera om det skjer noko, oppmodar han.

Han ber bilistane om å tenkja på både fart og lysbruk.

– Me får ihvertfall ikkje kontakt med hjorten, så me får gjera det me kan me andre, seier Homaas og humrar.

Køyrer du på ein hjort skal du kontakta politiet, som igjen varslar viltnemda og ettersøksgruppa.

Les også

Tok 29 fartssyndarar på nokre timar

 

Kommentarer til denne saken