Postkvinna Ingeborg Brekke fekk heile bygda med på å reisa eit hotell. Førti år seinare er verksemda høgst oppegåande, og med store planar for utviding.
Ingeborg Brekke jobba i posten, og kjende alle i bygda. Dermed var det ho som stadig vekk fekk besøk av folk som bomma på siste ferje frå Brekke til Lavik.
- Slik vart ideen om eit hotell fødd. Og heile bygda stilte seg bak ho, hotellet vart vel bortimot reist på dugnad. Eigaren sjølv var kring seksti då dei gjekk i gang. Ingeborg må ha vore ei fantastisk kvinne, seier Ruth Dyrhovden som leiar hotellet.
Sjølv er ho heimkomen til Matre, etter 25 år i hotellbransjen i kjendismetropolen Los Angeles.
- Mannen min er frå Sør Afrika. Først leikte vi berre med tanken på å flytta hit att, men då vi gjesta søstera mi ei tid, fann vi ut at det var dette vi ville. Det kjendest berre så riktig, seier Ruth. Etter mange år i varmen i Los Angeles set ho pris på dei skiftande årstidene meir enn noko anna. Godt var det og å finna at mange av dei ho kjende då ho reiste ut som ung jente, framleis bur i området. Folket i Masfjorden og Gulen har ho berre godt å seia om. Ikkje minst tryggleiken ho kjenner for at barna sin oppvekst.
Hotellet er blitt bygt ut i tre trinn, og har i dag 26 rom, samt tre hytter. Inne kan det dekkast til middag for seksti i ein sal og førti til i nabosalen. Brekkestranda er framfor alt kjent for sin særprega arkitektur. Stein, hunkledning og gras på taket pregar bygningane, der knapt ein vinkel er rett.
- Både Ingeborg og arkitekt Bjørn Simmenæs var svært glade i naturen. Hotellet vart teikna slik, fordi dei ønskte at bygningane skulle harmonera mest mogleg med naturen rundt, fortel Ruth.
Naturen, med fjellturar og båtturar på fjorden, er hotellet sitt fremste salsargument i ei tid kor mange opplever stadig meir stress og jag. – Og alle får fisk, garanterer Ruth med eit smil.
Dagens eigar Morten Nilsen har elles planar om å utvida med totalt 88 ferieleiligheiter på begge sider av hovudbygningen, første del av denne utbygginga startar truleg innan kort tid, seier Ruth.
Sjølve skipingsdatoen er litt usikker, men første storhending var eit lokalt bryllaup i oktober for førti år sidan. Denne helga vert 40 års jubileet markert med stor oktoberfest med tre innleigde band i sving i eige telt sett opp utanfor hotellet.
Sjekk våre tilbod og finn ut kva abonnement som passar for deg