Slik blir Tour des Fjords-løypa

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

SYKKEL: Startar med etappen Balestrand-Førde, før den går til Gulen.

DEL

Onsdag blei løypekartet for 2017-utgåva av Tour des Fjords presentert på ein pressekonferanse i Sandnes. 2017-utgåva av Vestlandsrittet startar i Sogn og Fjordane med etappen Balestrand-Førde, som er på 190 kilometer.

Deretter skal syklistane vidare til Brekke i Gulen, så til Norheimsund på den andre etappen, som er 184 kilometer.

Viggo Randal er prosjektleiar i Gulen kommune.

– Tour des Fjords er eit stort arrangement, vi har veldig trua på at dette blir kjekt. Vi har komme inn no den siste tida og blir startpunkt for andre etappe, seier Randal.

Komplette etappeskildringar kan du finne på Tourdesfjords.no.

Han reknar med at arrangementet vil trekke mykje folk.

–  Brekke er ei lita bygd, så vi har litt logistikkutfordringar å ta tak i, men det skal vi få til. Vi har ikkje gjort dette før og veit ikkje så mykje enno, seier Randal.

Odda–Haugesund er etappe nummer tre.

Rittet blir avslutta sør for Boknafjorden, med ein etappe frå Stavanger til Sandnes, og blir avrunda med Hinna Park–Stavanger søndag 28.mai, skriv Bergens Tidende.

Artikkeltags