Brannvesenet på veg til pipebrann i Gulen

DEL

Like før klokka halv to søndag fekk brannvesenet melding om ein mogleg pipebrann i Gulen.

Hendinga skal finne stad ved Sognefjordsvegen. Avisa Strilen melder om at brannen er i eit hus ved Rutledal.

– Vi har kontroll på brannen, men vi har ikkje sløkt den enno, seier vakthavande brannmann i Gulen, Jan Ivar Kjelby. Han skildrar brannen vidare som «hissig» grunna vinden på staden.

Likevel har dei kontroll på huset, som ikkje står i brann. Det er mykje vind på staden, men likevel er inga andre menneske vidare evakuert i frykt for spreiing.

Ein person skal ha vore i huset når brannen oppstod, men skal ha klart seg bra.

Artikkeltags