Gå til sidens hovedinnhold

Do-trøbbel for «Melderskin»

Artikkelen er over 5 år gammel

Var ute av drift grunna ubrukelege toalett.

OPPDATERT: Klokka 17.45 var feilen lokalisert og ferja i drift igjen.

Ferja MF «Melderskin» kom tilbake til sambandet Leirvåg-Sløvåg i byrjinga av september, utan at jubelen stod i taket i området rundt Fensfjorden.

Folk er svært frustrerte på ei ferja dei ikkje føler er til å stola på, og dei frykta fleire kanselleringar i tida framover.

Dei måtte venta til i dag, då var det av alle ting toaletta som sette ferja ut av drift.

– Det har kome vatn inn i eit sikringsskåp til pumpene til toalettanlegget, seier regionssjef for ferjer i Norled, Inge Andre Utåker til avisa Nordhordland.

– Korleis er det mogleg at det kjem vatn inn i eit sikringsskåp?

– Det veit eg ikkje. Men det er truleg frå ferskvassystemet om bord. Ein eller annan plass må det lekka og koma inn i sikringsskåpet, seier han.

LES OGSÅ: undefined

Toaletta på ferja er av vakumtypen, det vil seia at når du trykker på ein knapp vert innhaldet i doen sugd ut. Når pumpa stoppar, kan ein ikkje bruka toaletta. Difor har ferja lagt til kai for ubestemt tid.

– No må me ha ein eletrikar om bord for å sjå på dette, seier Utåker.

Kor lang tid det vil ta å retta feilen er førebels usikkert.

– Men om det hopar seg opp med bilar på kaiane, kjem me truleg til å gå ein tur ettekvart. Men då utan do, seier han.

Det kan verka trivielt, men det står i kontrakten med Skyss at det skal vera toalett om bord.

– No må me gjera ei avveging av kva som gjer minst ulempe for publikum, seier Utåker.

LES OGSÅ: Arrangerte kakefest då draumeferja kom til Gulen

Det vil verta sett opp skyssbåt for publikum som føl rutetidene.

Melderskin har vore vekke frå sambandet Leirvåg - Sløvåg i rundt 10 månader.

Medan den var ute av drift vart det gjennomført mykje arbeid på hovudmotoren på ferja, den vart måla innvendig, utvend og på dekk og glasa i styrhuset er bygd om så dei vert mindre plaga med lys frå Mongstad.

– Det er brukt eit sjusiffra beløp på å oppgradera ferja, seier Utåker.

Ferja var ute av drift lenger enn planlagt. For rett før det planlagte vedlikehaldet gjekk ho på ein smell med propellen. I tillegg fekk MF «Ullensvang» problem på mørekysten. Så delene som «Melderskin» eigentleg skulle ha, vart sendt dit.

LES OGSÅ: Norled vil setje inn denne ferja på Fensfjorden. Får blankt avslag

– Då måtte det bestillast nye deler til «Melderskin», som då måtte ligga over ein runde, forklarar han.

No må folk som skal kryssa Fensfjorden førebu seg på å måtte reisa med Melderskin fram til nyttårsaftan 2020. Då vil eit nytt anbodsregime tre i kraft.

Utåker kan ikkje garantera noko som helst, men han har stor tru på ferja si.

– Ekspertpanelet dømmer den nord og ned, men det har historiske grunnar. Den er ikkje så dårleg som rykta vil ha det til. Før den rauk i november i fjor, hadde det gått ti månader sidan den hadde tekniske problem, sluttar Utåker.

Kommentarer til denne saken